Bilde fra midten av 80-åra i arkivdykk
Familiebedrift i stadig utvikling
Møbel-Fiske AS er ei familiebedrift, grunnlagt på slutten av 1950-talet av Erik Fiske under namnet "Erik Fiske & Co". Fiske har opp gjennom åra både hatt møbelfabrikk i Øvre Surnadal og vore involvert i produksjon av chips og sprøsteikt lauk.
No er det den 3000 kvadratmeter store butikken i "Fiskegården" på Skei samt filialen på Kyrksæterøra som er hovudaktivitet.
- Kjerneområdet vårt er Surnadal, Rindal, Halsa, Sunndal, Tingvoll, Hemne og Aure, og vi opplever no også ein sterk auke i Meldal, seier dagleg leiar Jarle Fiske (øvste bildet).
- Vi satsar på eit breitt utval. I førsteetasjen held Fagmøbler til, ei landsomfattande kjede som vi er ein del av, og som er spesielt retta mot landsbygda. I øvste etasjen sel vi møblar som ikkje er i Fagmøbler-utvalet - slik som Ekornes, Brunstad og andre merkevarer - medan det i underetasjen er sengeavdeling og inventarbutikken Småtteriet.
Bilde nr 2 viser Tone Nes Fiske i Småtteriet.
I øvste etasjen er det også eigen utstillingsdel som har gjenskapt ei stor stue med kjøkken samt veranda - med storarta utsikt over Surnadal.
- Det handlar om å skape umiddelbar begeistring. Den utvendige moderniseringa av bygget vårt heng også saman med ønsket om å skape begeistring for Skei-området og sentrum, med bygg som står i stil med kvarandre.
Dei første åra var det både frisør, husflid og lensmannskontor i Møbel-Fiske-huset. Forretningsbygget har seinare blitt utvida fleire gonger - både i 1975, 1988, 1991 og altså i fjor.
- Vi jobbar målbevisst for å følgje med på utviklinga av nye trendar, og for å skape eit så godt møbelutval som muleg, seier Jarle Fiske.
Nedste bildet viser litt av Møbel-Fiske si historiske samling. Kleshengaren var det første produktet bedrifta produserte.