Visste du at Tone Damli Aaberge har litt rindalsblod i årene?
"Rindalingen" Tone Damli Aaberge
Trollheimsporten har før skrive om kjendisar med aner og slekt i Rindal.
- Roald Øyen, som har Øyen-namnet og farsslekta si frå garden Øyen i Løfall
- Torger Nergård frå curling-landslaget. Far hans var rindalingen Inge Johan Nergård frå Berglund i Romundstadbygda
- Ole Gunnar Solskjær. I siste årsskriftet til Rindal heimbygdlag kunne vi lese at ei av tippoldemødrene til Ole Gunnar Solskjær kom frå frå Friktrøa i Romunstadbygda.
Tone Damli Aaberge har også tippoldemor frå Rindal
Da skal vi til Austre Glennhaugen under Løset.
Dei fleste tilårskomne rindalingar hugser Gunnhild Løset, eller Gunnhild Glennhøga.
Gunnhild hadde ei eldre søster, Brit f. 1889, som er tippoldemor til Tone.
Brit vart gift med Lars Løfshus frå Meldal
Brit og Lars hadde tre barn:
Marit f. 1914 (oldemor til Tone), Einar og Olaf
Marit Løfshus vart gift med Karl Kroksæter. Dei budde på Løkken og har tre døtre:
Bodil f. 1936 (bestemor til Tone), Kirsten og Tove
Bodil Kroksæter vart gift med Jann Damli frå Løkken. Dei busette seg i Årdal og har barna:
Hilde f. 1957 (mor til Tone), Carl Henrik og tvillingane Frode og Brage
Hilde Damli er gift med Jon Aaberge. Dei bur i Sogndal og har barna:
Are, Tale og Tone Damli Aaberge f. 1988
Tekst: Anne S. (- som er søskenbarn til Tone Damli si bestemor, Bodil)
Bilde til høgre: Tone Damli Aaberge på veg til laksefestival i Surnadal