Gjertrud EN_1024x1720

Rindalingen Ole Gunnar Solskjær

Ja du las rett! Og no skal eg guide deg frå årsskiftet til Rindal Heimbygdlag 2010 og fram til ein slik tabloid nyhetstittel. Håpar alle kan vera med å sjå litt humor i dette frå eit fint årsskrift frå heimbygdlaget. Utgangspunktet er Gjertrud E. Nergård (bildet) frå Friktrøa i Rindal. Ho vart tippoldemor til Ole Gunnar Solskjær

Frå Friktrøa til Solkjærøya
I årets årsskrift (framsida under) er det ein artikkel av Ola Sæther og Fredrik Løset om husmannsplassar i austre del av Romundstadbygda. I artikkelen er husmannsplassane ramsa opp, mykje interessant historisk lesestoff, og under Friktrøa (2) står det til slutt: "I 1903 vart Friktrøa fråflytta og folket reiste til Kristiansund og seinare til Solkjærøya, der dei vart forfedrane til fotballspelaren Ole Gunnar Solkjær". Så er det eit bilde av Gjertrud E. Nergård med denne bildeteksta: "Gjertrud E. Nergård vart gift i Friktrøa, og ho vart tippoldemor til Ole Gunnar Solkjær".

Eg skvatt litt i stolen der eg sat og bladde i årets årsskrift her ein kveld. Det har nyleg kome ut og er å få kjøpt i butikkane i Rindal. Så lite vidløftig kan det også skrivast. Eg visste at det kanskje var ei kopling frå før etter arbeidet med gards- og ættesoga, men den gongen fann eg den ikkje. No har Ola Sæther og Fredrik Løset løyst gåta - enkelt og greit. Dermed stammar Ole Gunnar Solskjær frå Rindal. Den nye trenaren og manageren til Molde med verdenssuksess i Manchester United er med andre ord rindaling! Vi skal ikkje gjera denne nyheten meir tabloid enn dette - men gøttj er det!

Mykje godt lesestoff
Det er innhaldet som er viktigast i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag og som vanleg er det mykje godt lesestoff å finne. Du får som vanleg ei oppsummering av året. Jon Sveen skriv om fleire emne i år, frå porto til naturvern, der rindalingar er nemnt i Fredrik Stabels Dusteforbundet i Dagbladet. Ivar Bakk tek alle med ein tur til Bergen og Oslo, medan Harald Egil Folden er på nye setervegar kvart år. Joralf Halgunset skriv om Løfald trøsklag, og Jon Løfaldli tek oss med inn på sjukeheimen ved hjelp av dagboka si. Ola Aune skriv om høykjøring frå Folldalen og Ida Halvorsen har fleire minne frå Rindal. Oddlaug Løfaldli har delt eit 60 årsminne med oss, om korleis ho greidde å skaffe seg brurekjole i 1945. Dei siste åra har årsskriftet hatt ei oppdikta historie om "Da Rindal mølle brente" Den verkelege historia om da Rinna mølle (måleri under) brann i 1957 stod i årsskrifta for 1985 og 1986. I år har årsskriftet meir faktastoff om Rinna mølle. Arvid Bolme har hjelpt til med opplysningar saman med Jon Langli. Arvid Koksæter har saman med Ola Sæter skrive om bedehus i Rindal. Dei startar med Løfald bedehus, og vil truleg fortsette kvart år med eit nytt bedehus framover. Vidare ønskjer heimbygdlaget Reidar Halgunset velkomen som skrivar. Han fortel om sin første tur i Trollheimen. Det skjedde også fredssommaren 1945.

Trollheimsporten vil med dette anbefale årsskriftet til Rindal Heimbygdlag på det varmaste. Det blir noko å kose seg med i jula det!