Vismennene fann vegen
Matt 2,1-12: Då Jesus var fødd i Betlehem i Judea, i kong Herodes' dagar, kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem og spurde: «Kvar er den jødekongen som no er fødd? Vi såg stjerna hans gå opp, og no er vi komne og vil hylla han.» Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han. Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket og spurde dei ut kvar Messias skulle bli fødd. «I Betlehem i Judea», svara dei, «for slik står det skrive hos profeten:
Du Betlehem i Juda land,
blant fyrstane i Juda er du slett ikkje den ringaste.
For frå deg skal det koma ein fyrste,
ein hyrding for mitt folk Israel.»
Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om kva tid stjerna hadde synt seg. Så sende han dei til Betlehem og sa: «Gå og forhøyr dykk nøye om barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det.» Då dei hadde høyrt kva kongen hadde å seia, tok dei i veg. Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var. Då dei såg stjerna, vart dei umåteleg glade. Dei gjekk inn i huset og fann barnet hos mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra. Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim til landet sitt.
Han er ein luring, han Herodes. Han er litt som ein slange: Han talar med to tunger. Herodes er farleg og godt kamuflert som ein slange. Dessutan har han slik tunge som slangen – veit de kanskje kva eg meiner?
Slangen si tunge er delt slik at den har to tungespissar. Slik er også Herodes si tunge. Me kallar det for å tala med to tunger når han ikkje er heilt til å stole på.
Han er ein luring, Herodes. Han vil lure dei tre vise menn til å fortelja han kvar Jesus er født hen. Så seier at han har erend dit til Jesus, han òg. Han vil hylle barnet, han òg. Seier han. Men eigentleg er han ute etter å ta Jesus så han ikkje skal bli konkurrent om makt og ære.
Men går det an å lure tre vise menn? Tre karar – eller var det kanskje fleire – som har gått og reist langt og lenge, leda av ei stjerne? Går det an å lure desse som har så mykje forstand?
Nei, det går ikkje an. Luringen Herodes får det ikkje som han vil. Fordi vismennene får eit varsel, og legg heimvegen utanom Herodes og hans vonde planar.
Dei vise menn – dei er lure. Dei har god greie på alt som foregår på himmelen. Dei veit litt meir enn han Hårek teikneseriefiguren de kanskje kjenner til. Når Hårek og Frode sonen hans er ute og ser på stjernehimmelen, seier Frode at han syns det er underleg å stå der og sjå på så mykje stjerner.
Så kjem det frå faren – som vel skulle vore litt klokare enn sonen sin at «Ja, tenk så rart det er å stå her og tenkja på at stjernene er så små – og me er så store!!»
Dei tre vise menn – dei forstår nok meir enn Hårek. Dei forstår at når den stjerna set seg i bevegelse, så er det store ting på gang. Når den stjerna lear seg, er det født ein konge. Og denne nye kongen vil dei møte, dei vil hylle han og dei vil gje han gåver.
Visste dei at det var Jesus dei skulle møte? Neppe det, nei. Dei må ha vorte ganske forundra når dei ser kvar stjerna stoppar opp hen: Over ein stall! Ein stall!! Ikkje noko slott med plysj og sølvlysestakar der, nei. Berre ein kald og mørk stall med høy til pute for han som var nyfødt konge. Berre det.
Dei tre vise menn anar ikkje kven dei skal møte, men dei går av garde likevel.
Fordi dei har sett ei stjerne på himmelen. Og denne stjerna betyr at ein ny konge er født.
Dei tre vise menn har sett eit lys som har gjort dei nysgjerrige. Dei vil oppleva dette nye, denne nye kongen som er født.
Eg er veldig glad for at det står slik om dei tre vise menn. Dei er nysgjerrige og dei legg av garde og finn ein konge som dei nok aldri vil gløyme. Skal me snakke misjonsteologi, er det sentripetalkrafta som verkar her. Altså det motsette av ei sentrifuge: Nokon blir dregne inn mot midten – sei gjerne sentrum av både liv og tilvære.
Me kan like gjerne vera nysgjerrige, me òg. Tenk om me hadde tort det – litt meir??
Nokon av oss er slik at me helst skal bli nøda til å ha med Jesus å gjera. Til kyrkja går me berre viss me må, og helst ikkje då heller. Så seier ein gjerne: Ja, hadde det endå til vore slik som då dei tre vise menn gjekk på jorda ….
…. hadde det endå til vore noko himmelsk lys som lyste opp for meg så eg kunne sjå og forstå litt meir enn eg gjer … hadde det endå til vore ansleis??!
Det KAN vera me har litt Herodesnykker når me talar slik. Det kan vera - .
For me har vel slik eigentleg fått vita nok til at me skulle kunne ta både himmelkongen, livshistoria hans, døden og oppstandelsen hans for å stå til truande. Me veit vel nok om Jesus til at me skulle kunne satse både vårt eige liv og også framtida til borna våre på at det er sant som det er sagt, truverdig som det er skrive?
Vi har òg en ledestjerne. Og når vi den følger gjerne. Kommer vi til Jesus Krist. Skal me så synge dei to siste versa av Deilig er den himmel blå – og samstundes lata orda bli vår bøn?! Det kan vera me blir bønnhøyrt. Det kan vera me ser oss sjølve – bokstaveleg tala i eit anna lys.