Visitasgudsteneste i Øye kyrkje
Søndag kl.11.00 er det visitasgudsteneste i Øye kyrkje for alle 5 kyrkjesokna i Surnadal kommune. Biskop Ingeborg Midttømme held preika og medliturgar blir prost Leif Endre Grutle og sokneprest Vidar W.Rygh.
Tordenskjold Songlag deltek med song under leiing av sin dirigent Elin Person.
Tove Elin Strand blir med på fløyte saman med Linda Humberset på trompet.
Dei vil vere tonefylgje til salmar og liturgi saman med kantor Oddveig Helset Halle.
Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffe og visitasmelding v/biskopen på kyrkjelydshuset.
Sokneråda i Øye/Ranes og Mo er vertskap og ynskjer alle velkomne til gudstenesta og kyrkjekaffen etterpå!