Annonse:
Vis hobbyen din!
Søndag inviterer Bøfjorden Historielag til "Hobbydag" på museet. Der kan ein ha stand, vise og lære aktiviteter - og gjerne selje eigne hobbyprodukt.
Samlingar av alle slag er velkomne. Jon Storløkken kjører modelljernbane med minitog. Historielaget stiller ut lokal litteratur og utklippsbøker frå dei siste 40 åra. Tekstilvarer blir å sjå og kjøpe. Ungar får sitt eige hobbybord med Lego og ymse anna.
Aktivitetene kan pågå heile opningstida - fire kreative ettermiddagstimar. Museets nye flatskjerm viser fortløpande biletseriar. Eit par små lynkurs kan det også bli. Og kjøkenet har kaffesalg som vanleg.
Historielaget oppfordrar utstillarar og publikum til å vera med og skape ein triveleg, nyttig - og kanskje lønnsam - søndag.
Magnhild Bøe har salgsmesse i år som før.
Jon Storløkken kjem med miniatyrjernbanen sin.
Fleire tilbod til dei minste - som Lego.
Lynkurs i spleis og knop kan det bli.
Alle som syslar med tradisjonshandverk er velkomne til å lage stand og gjerne selje produkt.
Og så kan ein trøye seg med Ludo, Svarteper, Mill og andre spel ...
Innsendt av Bernt G Bøe