Virtuositet og iderikdom
Virtuositet og iderikdom
Med sine berre 37 år er organisten og komponisten Ole Karsten Sundlisæter uvanleg produktiv. Orgelkonserten i Stangvik kyrkje let oss møte ein virtuos og iderik musikkskapar.
Stunda var oppleving av både skapingsprosess - gjennom hans eigne verk - og gjenskaping av hans ideal, franske Durufle.
I sin eigen Suite nr. 1 viste Sundlisæter ein virtuositet som gjer instrumentet til lydig reiskap for eit vell av musikalske idear. (Dette sagt sjøl om fuktig luft fekk svelldørene i det elles
flotte orgelet til å gnikse temmeleg forstyrrande.)
Fabulerande toccata-løp over alt tastatur, ispedd syngande, kyrkjetonale melodistrofer og store klangkaskader prega yttersatsane. Den mellomliggjande Cantilena var heller ingen søvndyssande pause, men hadde same preg av sitrande iver (nær sagt uro) og stor iderikdom.
Innimellom vart ein fascinert av sjølve instrumentbruken. Sundlisæter gav det (i orgellitterær målestokk) lille Stangvik-orgelet tilnærma katedralklang. Artig og uttrykksfull registerbruk og orgelstrale effekter (ja, rytmefigurar likna paukeslag) gav både suiten og ikkje minst hans påfølgjande «Mo1Ny» levande og artig uttrykk.
Som organistkollega er det fantastisk å høre ein teknisk kondisjon som tillet nesten ustanselege toneløp gjennom ein heil konsert. Musikalsk livsutfalding på grensa til det ufattelege!
For somme ører kan kanskje slik enorm oppfinnsomhet og uttrykksvilje gå ut over behovet for klarhet, linje og hørbar struktur. Strukturen er der avgjort, både harmonisk og arkitektonisk, men tidvis kan budskapet kanskje bli så ordrikt at vesentlege musikalske idear går tapt. For somme, som sagt.
Sundlisæter har tydeleg teke inn i seg mykje fransk orgelkultur. Den avsluttande Suite opus 5 av Maurice Durufle (1902-1986) – like brilliant framført (trass forstyrrande svelldører), gav dermed konserten eit fint heilskapspreg.
Men etter solistens eigne uttrykksfulle verk kunne Durufle tidvis fortone seg nesten pedantisk og formell – heilt til den heidundrande Toccataen sendte oss ut i sommarkvelden med tru på at kyrkjeorgel kanskje ikkje er så dumt eit instrument likevel!
Verdiformidling i slikt format rettferdiggjer kyrkja som kulturarena – trass i varierande frammøte.
Og med Sundlisæters skaparkraft er det komande «Olavsoratoriet» avgjort i dei rette hender!
Bernt G. Bøe