IMGP8654-001

Vinterleikar

Dei tre første dagane denne veka går «Vinterleikane i Surnadal» av stabelen, og tirsdag var rundt 65 deltakarar med følgje på skisentret på Nordmarka der det var langrenn, aking, skuterkjøring og kjøring med hundespann.

Deltakarane var frå Trondheim, Klæbu, Orkdal, Oppdal, Smøla, Aure, Surnadal, Melhus, Meldal, Tingvoll og Rindal.

Veret var 100 % på sida til arrangøren, og alle kosa seg – og konkurrerte, var heiagjeng, stod i kø, eller berre satt og kosa seg ved borda på den store uterestauranten.

IMGP8743.JPG
Speaker Kjell Gunnar Polden har eit godt tak om Sigrid Sæterøy, som hadde eit stort ansvar for den vellukka gjennomføringa av vinterleikane

Kjell Gunnar Polden heldt publikum og deltakarar orientert om både start og innkomst under langrennet, som du kan sjå mange bilde av nedafor!

IMGP8608.JPG

Surnadal formannskap tok også turen opp til Nordmarka idrettssenter for å sjå på arrangementet. Speaker Kjell Gunnar Polden nytta høvet til å takke særleg «gammelpresten» Bernt Venås for det gode veret dei hadde fått.

Historia og tanken bak ”Vinterleikane i Surnadal” går tilbake til 1994 og OL på Lillehammer. Da arrangerte Nordmøre Folkehøgskule vinterleikane for første gong.

Det vart ein suksess, og alle som kunne ha nytte og glede av eit slik arrangement var invitert til Surnadal desse dagane igjen.

Vinterleikane set fokus på likestilling mellom funksjonshemma og funksjonsfriske.

- Vi skal saman oppleve at vi er gode. Dagane skal skape glede,gje oppleving av meistring og knyte vennskap, heitte det i invitasjonen som var sendt ut.

IMGP8745.JPG

Det er program både ute og inne i dei tre dagane leikane varer, og om kveldane er det god mat, underhaldning og dans, og sjølvsagt premieutdeling!

«Vinterleikane i Surnadal» er arrangert av Nordmøre Folkehøgskule, Surnadal Røde Kors, Surnadal Idrettslag, med støtte fra Surnadal Kommune, Surnadal Sparebank og Surnadal Gjensidige.

IMGP8598.JPG
Første startande i langrennet var Amalie Strømsvåg frå Surnadal.

IMGP8601.JPG
Løparane står i startkø

IMGP8630.JPG
Frode Gjertsen, Klæbu, blir heia fram av publikum, som gav god lyd frå seg.

IMGP8633.JPG
Jon Børseth Helgetun rasar inn mot mål!

IMGP8694.JPG

Trollheimen Husky frå Nerskogen, med Karl Magnus Holberg (over) og Beate Berg i spissen stilte med hundespann. Det var lang kø for å få oppleve ein tur med huskyane, som var ivrige på å utføre oppdraga.

IMGP8680.JPG

IMGP8681.JPG

IMGP8700.JPG

IMGP8597[1].JPG

IMGP8734.JPG
Uten mat og drikke... Flott uterestaurant på skisentret idag!

Nedafor ser du mange bilde av dei ivrige idrettsfolka, også frå akebakken!

IMGP8622
IMGP8623
IMGP8624
IMGP8625
IMGP8628
IMGP8637
IMGP8640
IMGP8643
IMGP8646
IMGP8647
IMGP8651
IMGP8654
IMGP8654-001
IMGP8654-002
IMGP8656
IMGP8657
IMGP8659
IMGP8660
IMGP8664-001
IMGP8669
IMGP8673
IMGP8675
IMGP8678
IMGP8687
IMGP8689
IMGP8704
IMGP8707
IMGP8712
IMGP8714
IMGP8716
IMGP8717
IMGP8720
IMGP8724
IMGP8729
IMGP8733
IMGP8597
IMGP8602
IMGP8606
IMGP8607
IMGP8609
IMGP8610
IMGP8612
IMGP8615
IMGP8620
IMGP8621