Vintercamp er topp
Ved Langvatnet i Helgetunmarka kunne ein høre ivrige unge røyster dei første dagane av vinterferien, - iTrollheimen med Åse Børset og Gøran Bolme arrangerte vintercamp for unge mellom 8 og 12 år.
Foto over: Åse/iTrollheimen
Over 20 unge frå Halsa til Trondheim var samla til lærerik friluftsleir. Nokre a desse hadde også vore med i fjor.
Campen hadde base på Trollhøtta i Helgetunmarka, eit kort stykke frå Langvatnet. Ved Langvatnet har iTrollheimen ein stor lavvo til samlingar og måltid, og ein mindre lavvo til overnatting.
Gruppa hadde delt seg, slik at eine halvparten overnatta i lavvoen og andre i Trollhøtta. Med ein temperatur på minus 16 – 17 grader siste natt, var det greit å flytte over til Trollhøtta. Men dei som skulle ut i lavvoen neste natt, verka ikkje å grue seg til det.
Foto over: Åse/iTrollheimen
I går hadde dei bora hol i isen på Langvatnet for å fiske. Sjekkinga tirsdag morgon gav ingen fiskefangst så langt, men det er «von i hangande snøre» utover dagen.
Foto over: Åse/iTrollheimen
I storlavvoen var det lunsjtid med servering av kakskiv frå Hæmstelt oppi nestu å Røen.
Etter lønsj drog dei på trugetur ned til Trollhøtta, og det å ha på seg truger kan by på utfordringar.
Målet med trugeturen er å ta trugesertifikat. Sidan vinden hadde pakka snøen, så var det ikkje så stor utfordring, men litt uvant.
Trollhøtta, som du kan leige gjennom iTrollheimen.
Gøran Bolme og Åse Børset var ansvarlege for campen. Neste oppgave er å lære seg å bruke kart og kompass for å finne Trollskatten!
Ivrige skattejegerar.
Deltakarane fekk opplæring i mindre grupper.
Somme kjente til bruken av kart og kompass før også.
Kva gruppe som fann skatten kjenner vi ikkje til, men det såg ut som alle tenkte seg til med det. Etter innsatsen er det i alle fall sikkert at alle finn vegen heim etter vintercampen i morgon onsdag!