
Vil synge jula inn
Vi songarane er i gang med profesjonsutdanninga innanfor utøvande klassisk song i ein bachelorgrad som går over fire år. Vi har med oss organist og pianist Torkil Skille som vår akkompagnatør for turneen.
For å få breidde i konsertane, kjem vi til å fungere som både solistar og i duettar så vel som i julekor.
Vi kan love at dette kjem til å bli ein variert julekonsert som vi ynskjer å få dele med folket. Vi vil òg ha med publikum på litt allsong i programmet.
Publikum vil få høyre eit vidt spekter av julesongar, alt frå songar frå Händels "Messias" og Bachs "Juleoratorium" til folketone frå Stangvik og meir tradisjonelle julesongar som publikum har høyrd mange gongar før. Vi gler oss veldig mykje til å besøke Surnadal og Øye kyrkje, seier Sigrid Vetlesæter Bøe.