
Vil lære lag og organisasjonar å finne pengar
"Treng de pengar?" er spørsmålet Surnadal Idrettsråd og kommunen stiller lag og organisasjonar i Surnadal kommune. Dei tilbyr no kurset ”Tilskottsordningar for frivillige lag, organisasjonar og små bedrifter som driv innanfor reiseliv/friluftsliv”. Kurset er gratis og blir halde onsdag 9. november på Kulturhuset.
Det er altså Surnadal kommune og Surnadal Idrettsråd som no ønskjer å gjera lag og organisasjonar betre kjent med mulege tilskottsordningar. Kurset har fått tittelen "Tilskottsordningar for frivillige lag, organisasjonar og små bedrifter som driv innanfor reiseliv/friluftsliv”. Det heile går føre seg onsdag 9. november i Svorkasalen på Kulturhuset. Programmet er som følgjer:
Kl. 18.00 – 21.00 Tilskottskurs for alle
Kl. 21.00 – 22.00 Ein til ein oppfølging for dei som allereie har eit prosjekt og treng midlar.
Kurset er gratis, så her er det berre å møte opp!