MOT-skolering i Surnadal

Vil gjere ein forskjell

Måndag og og tysdag denne veka vart det arrangert MOT-skolering på Surnadal ungdomsskule. Deltakarane var fem ungdommar frå Surnadal og fire frå Eide. Dei er utdanna Ung MOTivatorar før før, og etter kurset kan dei kalle seg Ung MOTivator+.

Surnadal kommune har teikna ein ny MOT-avtale - "Skolen som samfunnsbygger". Dei unge MOTivatorane på 9. trinn skal vere med å arbeide i tråd med denne avtalen. Surnadal kommune har hatt MOT-avtale i fleire år før, og dei har hatt gode erfaringar med det.

MOT-koordinator Eva Sæterbø fortel at MOTivatorane på 9. trinn vart plukka ut etter søknadar. Sist haust var dei på MOTivator-skolering i Tingvoll, og no altså i Surnadal.

Under skoleringa lærer dei korleis dei skal bidra som gode rollermodellar, og korleis dei skal hjelpe til på skulen for å drive MOT vidare. MOT ønsker å utvikle robust ungdom, som inkluderer alle. Ved å vere gode rollemodellar skal MOTivatorane bidra til at andre óg blir inkluderande og gode rollemodellar.

- Det er óg viktig at alle får rom til å vere annleis, seier Eline Sandnes. Ho er prosjektmedarbeidar i MOT sentralt, og ho reiser ein del rundt og held skolering for unge MOTivatorar.

MOTivatorer.JPG
Bak f.v. Eva Sæterbø, Kenneth Storvik, Benjamin Skålvik Rønning, Anja Ranes, Sigrid Ranes Wahl, Phillip Holberg og Jonas Hiim. Framom f.v. Eline Sandnes, Ine Fiske og Edith Risvik.
 

Ein viktig oppgave for MOTivatorane på 9. trinn er å lette overgangen frå barneskule til ungdomsskule for yngre elevar. Dei har eit opplegg for sjuandeklassingane på Øye og på grendeskulane, og dei arrangerer omvisning for sjuandeklassingane på ungdomssskulen. I samband med omvisninga har dei óg ei MOT-økt. 

I haust skal MOTivatorane vere med og ta imot dei nye 8. klassingane som kjem til skulen. Eva Sæterbø fortel at det er tredje året dei har dette opplegget på ungdomsskulen, og at sjuandeklassingane er svært fornøgde med det. Det er ofte mange spørsmål i samband med overgangen til ungdomsskulen, og slike spørsmål kan MOTivatorane svare på.

MOT-skoleringa denne gongen varte frå lunsj måndag til lunsj tysdag, med overnatting i gymsalen på skulen. Måndag kveld var det pizza og ulike aktivitetar, blant anna ein tur på Høgberget.

MOTivatorer på Høgberget foto Eline Sandnes.jpg
Muntre MOTivatorar på Høgberget mandag ettermiddag (Foto: Eline Sandnes)
 

Surndalingane som er med på skoleringa er Ine Fiske, Anja Ranes, Benjamin Skålvik Rønning og Sigrid Ranes Wahl. Leah Snekvik Wilhelmsen var óg med på den første dagen, men ho vart dessverre sjuk på dag to, fortel dei. Ine Fiske har ikkje vore med frå starten sist haust, men ho er glad for at ho har fått bli med som MOTivator no.

Dei fortel at den største motivasjonen for å bli MOTivatorar er at dei får vere med å gjere ein forskjell. Og det føler dei at dei får til.

Vi spør korleis det er å vere med på skolering?

- "Berre gøttj!", svarar dei entusiastisk.

Dei fortel at det er mykje som skjer på MOT-arrangementa, og dei blir betre kjent og kjent med mange nye folk. I tillegg føler dei at det gjer godt med ei påminning om det ansvaret ein har, blant anna ansvaret for å inkludere andre.

Det dei lærer av MOT bruker dei i kvardagen. Av og til er dei med på opplegg i MOT-regi på skulen, og da er det mest for yngre elevar. Men på "MOT til å glede"- dagen er dei innom alle klassane på skulen.

Ei av oppgåvene i skoleringa på tysdag var å lage eit opplegg for "MOT til å glede dagen". Vi trur det blir ein bra dag.

DSC_0481.jpg
Gruppa frå Surnadal legg fram sitt forslag til opplegg på "MOT til å glede"-dagen for dei andre. Eline Sandnes frå MOT lyttar og stiller spørsmål.