Vil bevare eit bredt skuletilbod

Jenny Klinge frå Surnadal og Geir Inge Lien frå Vestnes er Senterpartiet sine toppkandidatar i Møre og Romsdal ved Stortingsvalet. Måndag besøkte dei Surnadal vidaregåande skole.

Janne Geir I Janny og Mons.jpg
F.v. Janne Husby Haugen, Geir Inge Lien, Jenny Klinge og rektor Mons Otnes ved Surnadal videregående skole.


Toppar Senterparti-lista

Jenny Klinge har som kjent vore Stortingsrepresentant for Senterpartiet og Møre og Romsdal dei siste åtte åra. Ho sit i Justiskomiteen på Stortinget. Geir Inge Lien er ordførar i Vestnes kommune. Han er andrekandidat på stortingslista til Senterpartiet i fylket ved valet. Han sit no i utdanningsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune, og har vore svært engasjert i skulepolitikk dei siste åra. 


Ikkje valkamp på valdagen

Måndag var dei to stortingskandidatane, saman med Janne Husby Haugen frå Surnadal Senterparti, på besøk ved Surnadal vidaregåande skole. Rektor Mons Otnes tok godt imot dei. Men denne dagen var det skuleval, og på valdagen driv ein ikkje valkamp. Dette var både rektor og politikarane svært bevisste på. Derfor var dei ikkje inne i undervisninga, men dei fekk ei orientering om skulen, ei omvisning og ein prat med nokre av dei tilsette.

Utfallet av skulevalet er absolutt interessant. Ved dei siste vala har det vist seg at skulevalet nasjonalt gir ein god indikasjon på kva for parti som gjer det godt i det ordinæret valet.


Dei fleste klassane er fylt opp

Rektor Mons Otnes og assisterande rektor Anna Ingeborg Nordvik orienterte litt om skulen.

Surnadal vidaregåande skole har såvidt over 300 elevar i år. Det er nokre få ledige plassar, men dei fleste klassane er fulle, med venteliste. Dei fleste elevane ved skulen kjem frå Surnadal, Rindal og Halsa. Skulen har 53 ansatte, så dette er ein stor arbeidsplass i Surnadalssamanheng.


Glad for å behalde elektrolina

Rektor Mons Otnes set pris på at skulen har fått behalde elektrolina. I fjor haust vart det lagt fram eit høringsutkast med forslag om å legge ned denne linja i Surnadal, og samle tilbudet om elektrofag på Nordmøre i Sunndal og Kristiansund. 

Geir Inge Lien sit i utdanningsutvalet i Møre og Romsdal. Han var ein av dei som jobba for at Surnadal skulle få behalde denne linja, som er svært viktig for rekruttering til arbeidslivet i distriktet.

Otnes trur at mange elevar som helst vil gå elektro hadde valt ei anna line dersom dei måtte reise til Sunndal for å gå på elektrolina. Han fortel at usikkerheita rundt eventuell nedlegging av elektrofag førte til uro og usikkerheit både blant elevane og dei tilsette. Otnes oppmoder om at fylkeskommunen må vere forutsigbar når det gjeld utdanningstilbodet i framtida. Det er svært viktig, ikkje minst for å bevare trygge og gode arbeidsplassar i skulen.


Dei fleste får læreplass

Skulen har eit tett samarbeid med m.a. Pipelife og Hydro Sunndal om utplassering og læreplassar. Det går stort sett greit å skaffe læreplassar til elevane, og det er viktig for dei lokale bedriftene at dei kan sikre seg rekruttering på denne måten.

Indre Nordmøre opplæringskontor er no lokalisert ved Surnadal vidaregående skole. Det er ein fordel for skulen, og gjer samarbeidet enklare.


Avhengig av eit bredt studietilbod

For at ein stor del av lokal ungdom skal kunne velge å bu heime i skuletida er skulen er avhengig av å ha eit bredt studietilbod. Det er ein stor fordel for lokalsamfunnet at ungdom kan velge å bu heime til dei er 19-20 år.

Skulen har fleire retningar innan yrkesfag, studiespesialisering og påbygg. Dei har og eit tilbod om toppidrett, og her er det mange ulike val. Det er gode treningsområde rundt skulen, med idrettshall og eit komplett friidrettsanlegg som næraste nabo. Nordmarka skisenter, Surnadal Alpinsenter er heller ikkje langt unna.

Skulen brukar idrettshallen som gymsal, og her kjempar dei med barneskulen og ungdomsskulen om å få nok timar. Hallen er fullt utnytta på dagtid. Dersom ein hadde fått bygd ein fotballhall på området kunne kroppsøvingstimane vore bedre fordelt, meier Otnes, og Geir Lien lovar å ta med seg dette innspelet vidare.

Lien opplever at det alltid er ein kamp å bevare dei ulike linene på skulane i distrikta. Men det er viktig at ungdom kan få velge å gå på skule der dei bor. 

- Senterpartiet ønsker å vere med og bidra til oppgradering av skulane rundt om i landet, seier han. - Distriktsskulane er ofte kreative. Det er ofte dei som starter med nye liner, som større skular adopterer etter kvart.


Ønsker å behalde elevane frå Rindal og Halsa

Elevane ved skulen kjem stort sett fra Surnadal, Rindal og Halsa. Frå Rindal er det 60% - 70% av elevane i vidaregåande skule som går i Surnadal. Frå Halsa er det ca ein tredjedel. Rindal og Halsa skiftar snart fylke, og blir med i det nye Trøndelag. Elevane frå nabokommunane, og særleg Rindal, er svært viktig for Surnadal vidaregåande skole. 

- Vi ønsker absolutt å behalde både rindalingar og halsabygg, sier Otnes.


Må kjempe for å få gå på skule i Surnadal

Jenny Klinge meiner det er uvisst kor villig fylkeskommunen (nye Trøndelag) vil vere til å betale for dei elevane som går på skule i eit anna fylke. Derfor er det viktig at ordføraren og politikarene i Rindal heile tida kjemper for at elevane skal få fortsette å gå på skule i Surnadal. 


Ein god skuleeigar

Rektor Mons Otnes presiserer at han er svært godt fornøgd med Møre og Romsdal fylkeskommune som skuleeigar.

- Vi føler at vi blir teke vare på, sier han.


Eksamensfrukost var ein suksess

Politikararne får og ei kort omvisning på skulen. Ved Surnadal vidaregående skole har dei ei privat dreve kantine. Otnes fortel at dei serverte gratis eksamensfrukost i fjor. Elevane såg ut til å sette stor pris på tilbodet, og eksamensresultata i sidemål har aldri vore så gode.

På omvisningsrunden møter dei Edvard Bele Sæterbø, som er styremedlem i Surnadal Senterungdom og elev ved skulen. Han viser kven han vil stemme på med ein stor button på genseren.

Edvard Bele Sæterbø Jenny Klinge og Geir Inge Lien.jpg
Ingen tvil om kven Edvard Bele Sæterbø (t.v.) vil stemme på...


Vil bruke meir pengar på skuleskyss

Elise Brøske er leiar i Surnadal Senterungdom óg elev ved skulen. Ho blir med stortingskandidatane til AMFI- senteren for ein "kaffe-prat". Her kjem praten inn på temaet skuleskyss. Jenny Klinge meier at fylkeskommunane bør bruke meir pengar for for å betre skyssordningar for dei som har lang skuleveg. Ho trur at det blir meir frafall i vidaregåande skular når skulevegen tek mykje lenger tid enn nødvendig for mange. Det kan gå ut over fritidsaktivitetane óg, dersom ein må bruke urimeleg lang tid til og frå skulen.

Elise Brøske bor i Stangvik, og fortel at skulevegen hennar tek 20 minutt med bil, men ein time med skulebussen. Og mange har det verre. Enkelte har lang skuleveg allereie i barneskulen, som elevane frå Bøfjorden, etter at skulen i Bøfjorden vart lagt ned.

Geir Inge Lien meiner at ein gjerne kunne brukt drosjenæringa meir til skuleskyss, for å lette kvardagen for elevane. Skuleskyss bør ikkje vere ei sparebøsse for fylket, det er dei einige om.

Janne Geir I Jenny og Elise.jpg
Janne Husby Haugen, Geir Inge Lien, Jenny Klinge og Elise Brøske tek ein politisk prat på kafeen på AMFI-senteret.


Manglar 42 stemmer for å komme inn på Stortinget

Med første plass på Senterpartiet si liste i Møre og Romsdal er Jenny Klinge sjølv sikra ein plass på Stortinget. Men denne gongen vil ho svært gjerne ha med seg ein til frå fylket i Stortingsgruppa.

Klinge fortel at Senterpartiet har hatt gode meiningsmålingar den siste tida. Fleire av målingane har vist at Senterpartiet får inn to representantar frå Møre og Romsdal. På den aller siste meiningsmålinga er ikkje Geir Inge Lien inne, men det er berre 42 stemmer som manglar!

- Vi er litt turbo begge to. Det blir kanskje litt uroleg med to slike som oss, men eg vil gjerne ha han med meg på Stortinget, smiler Jenny Klinge. - Geir Inge har mykje nyttig erfaring, blant anna frå skulepolitikken i Møre og Romsdal. Det betyr mykje for arbeidskrafta og. To rekk mykje meir enn ein, legg ho til.

Geir Inge Lien skyt inn at dei to er gode til å samarbeide. Dei har fått til mykje bra saman før. 


Det viktigaste er at folk stemmer

- Det viktigaste er vel at det ikkje bli sofavelgarane som avgjer, men at folk faktisk stemmer. Og så håpar eg sjølvsagt at dei stemmer på oss, seier Jenny Klinge. - Det blir spennande å sjå om det faktisk blir eit regjerinsgsskifte no. Di større Senterpartiet blir, di større er sjansen for eit regjeringsskifte. Det er viktig at vi blir stemt inn, og at vi stel velgarar frå rett side.


Mykje byråkratisering og mindre service

Det som er spesielt for Senterpartiet samanlikna med andre parti er at Senterpartiet sier det same på lokalt nivå som på fylkesnivå og nasjonalt nivå, meiner Jenny Klinge.

- Vi taler ikkje med to tunger.

Dei kjem fort inn på kommunereformen, og andre reformer og endringar som er sett i verk av den sittande regjeringa.

Ger Inge Lien er ordførar i Vestnes. Han fortel at den siste tida som ordførar har vore slitsam, med både kommunereformen og andre store endringar å jobbe med.

- Det har vore ei stor økning i byråkratisering, og samtidig blir det mindre service i distrikta. Eg har svært lite lyst på ein slik runde til, sier han.


Vil arbeide mot sentralisering av brannvesenet

Lien er sjølv utdanna deltidsbrannmann. Han åtvarar mot sentralisering brannvesenet. Senterpartiet vil ha tenestene nær folk. Dei meier at dei lokale brannvesena kan finne gode løysinga sjølv. I dag er regelverket slik at kommunane kan kjøpe tenester, og dei kan samarbeide. Surnadal og Rindal har felles brannvesen i dag. Det er lokalt, og det fungerer godt.

Jenny Klinge fortel at det har vore snakk om eit felles brannvesen for heile fylket. Ho kan ikkje sjå for seg at leiinga i brannvesent kan sitte i Ålesund og ha oversikt over kva brannstasjonane i Surnadal treng. Sjølv Kristiansund er for langt unna, meiner ho. 

- Regjeringa har sagt at dei ønsker færre og større brannvesen. Dei vil sette krav om minst tre heiltidsstillingar i kvart brannvesen. Ledelsen skal samlast. Dei sier at dei ikkje skal legge ned ein einaste stasjon, men vi ser kva som skjedde med politiet, sier Lien. - Brannvesenet er det siste som er att av velfungerande beredskap i Norge. Politi har vi ikkje sett på lenge.


Vil behalde passmaskinene

Senterpartiet har vore svært skeptiske til politireformen. Dei ønsker eit synlig politi, og eit nært politi. Lien fortel at regjeringa lagt fram ei innstilling frå politidirektøren til Stortinget, der dei foreslår å fjerne dei fleste passmaskinene på lensmannskontora rundt om i landet. Innstillinga går ut på at det skal vere berre 6 passmaskiner i heile Møre og Romsdal. Lien lovar at Senterpartiet vil kjempe knallhardt for at alle lensmannskontor som har passmaskin i dag skal få fortsette å ha det.


Eit retningsval med to stek under

- Dette handlar ikkje berre om at vi skal få inn to på Stortinget, presiserer Geir Inge Lien. - Dette er eit retningsval med to strek under. Vil vi ha det slik som i Sverige, med avfolking av slike bygder som t.d. Surnadal og Rindal? Heile Møre og Romsdal er "distrikt", til og med Ålesund. Vi må ha tilbod om vidaregåande skular over alt i Norge. Vi kan finne gode løysingar lokalt. Dersom folk vil ha slutt på sentraliseringa så må dei stemme på Senterpartiet, avslutter han.