Vikingane og «solsteinen»
Korleis fann vikingane leia til sjøs? Dette har Einar Oterholm grubla over. Søndag deler han sin kunnskap om eldgamle navigasjonsmetodar med publikum på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.
- Ingen veit sikkert korleis vikingane navigerte, innrømmer han. – Men dei segla langt på sine farkostar, både til Shetland, England, Island og Grønland. Ja, heilt til Amerika!
Etter reiser over ope hav i vekesvis kom dei, i alle fall ofte, dit dei skulle. Og det lenge før kompass og GPS var tilgjengeleg. Einar Oterholm har studert norrøn litteratur som seier mykje om slekter og levekår i vikingetida. Men korleis dei fann sjøleia, står det mesta ingen ting om. Heller ikkje har ein funne navigasjonsutstyr etter dei.
Halsa-lektoren har forsøkt å finne ut av dette. På museet søndag viser han prinsippa for navigering etter stjerner og sol. - Vikingane kan ha brukt solbrett, solkompass, peileskive, leidarstein og ikkje minst den såkalla «solsteinen», seier han litt hemmeleghetsfull.
Og dermed opnar han for gjensyn med gammel, glømt kunnskap som gjorde nordmenn til vidreiste sjøfolk for tusen år sia. For kva er ein solstein?
«Leiv Eriksson oppdagar Amerika» heiter Christian Kroghs kjente måleri. Men navigerte han rett – og etter solsteinen?
Einar Oterholm jaktar på tusenårig kunnskap om solstein og navigasjon.
Kunne sjømenn segle etter denne?
Sendt av Bernt G Bøe