Vidare i Abelkonkurransen
Luyang Huang i 1ST2 på Surnadal vidaregåande skole gjekk vidare til 2.runde i Niels Henrik Abels landsomfattande matematikkonkurranse! Heile 3473 elevar deltok i 1.runde, men berre 355 elevar fekk høg nok poengsum til å gå vidare til runde to. No ventar ei ny krevande rekneoppgåve for 19-åringen frå Surnadal.
Abelkonkurransen, eller Niels Henrik Abels matematikkonkurranse, er ein konkurranse i matematisk problemløysning for elevar i vidaregåande opplæring i Norge. Heile 3473 deltakarar frå 213 skolar var med i 1.runde, der berre 355 elevar gjekk vidare til 2.kvalifiseringsrunde. Med sine 63 poeng gjekk Luyang Huang i 1ST2 på Surnadal vidaregåande skole vidare i konkurransen med god margin, og ende på ein flott 99. plass samanlagt. Torsdag fekk han utdelt diplom som synleg bevis på flott innsats så langt!
Første del av konkurransen vart arrangert torsdag 7.november. Dei 10 % beste frå 1.runde gjekk vidare til 2.runde som arrangerast torsdag 16.januar. Dei 20 med høgaste samla poengsum frå 1. og 2.runde går vidare til Abelfinalen som arrangerast ved NTNU i Trondheim i starten av mars. Dei beste derifrå får representere Norge i Nordisk finale. På grunnlag av resultata i finalen og i Den nordiske matematikkonkurransen blir seks deltakarar teke ut til Norges lag i den internasjonale matematikkolympiaden (IMO) som går av stabelen i juli 2014 i Cape Town, Sør-Afrika.
Vi ønskjer Luyang lykke til vidare i Abelkonkurransen! Det skriv Surnadal vidaregåande skole på si heimeside.
På bildet står han saman med matematikklærar Jon Magne Helgetun og kontaktlærar Liv Marit Berset.
Sjå fullstendig resultatliste og les meir om konkurransen her