Tv-aksjonen 2011 IMGP4743

TV-aksjonen 2011

Vi rydder for livet

Opptellinga etter dagens store innsamlingsaksjon til Norsk Folkehjelps minerydding viser at Rindal ble nest beste kommune i Møre og Romsdal, etter Sandøy, og nr.30 i landet! Se denne nettsida. Innsamlingsresultatet og fleire bilde ser du nedafor!

 

På bildet ser du Nils Edin Hove som var med mamma Torhild Bæverfjord rundt på innsamling i Bæverfjord. Ein del hus var tomme, men elles mykje givarglede, kunne dei rapportere.
(Foto: Norunn Holten)

Frå opprekninga i Surnadal kan vi melde at det kom inn 171 528 kroner, 10 000 meir enn i fjor!

 

I Rindal starta dei innsamlingsrunden litt seinare. Her var også innsamlingslysta stor, fortel Kjellaug Foseide, sekretær i innsamlingskomitéen, som her pakkar bidraget sitt til aksjonen oppi bøssa til Anne Grete Møkkelgård (nedafor)

 

 

Opprekninga i Rindal gav 87 960,50 på bøssene. I tillegg er det  komme inn ofring i kapellet i dag og gave frå kommunen. Aksjonsdagen på Øvre Rindal skole gav totalt 14 536,50 kr, eller 300kr pr.elev!

Totalt er det no komme 118 343,50 kr frå Rindal, noko som er om lag 10 000 kr meir enn i fjor.


Fire av dei seka rodeledarane i Rindal tek seg ein velfortent kaffepause etter å ha levert bøssene til opptelling i Rindal Sparebank, som også i år stilte rom, utstyr og folk til disposisjon for opptellinga.

Nedafor ser vi Kari Moe og Kristin Langli som sorterer setlar etter størrelse og farge før maskina til banken tek over tellinga,
-  eit vakkert syn!


Tre av medlemmene i innsamlingskomitéen i Rindal, Kristin Langli (Rindal Sparebank), Ola T. Heggen (ordførar) og Kari Moe (Sanitetsforeninga). (Foto frå banken: Kjellaug Foseide)