tp_leserinnlegg

Møre og Romsdal Bondelag

Vi lyttar med stor interesse og betydeleg skepsis

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale fra Volda la fredag 9. desember fram regjeringa si  jordbruksmelding, der det blir foreslått mange endringer for landbrukspolitikken framover. Etter å ha brukt det siste døgnet på å lese seg gjennom det 162 sider store dokumentet fra regjeringa, har Oddvar Mikkelsen i vedlagte leserinnlegg satt ned sine synspunkter på meldinga.

Vi lyttar med stor interesse og betydeleg skepsis

Landbruksministeren snakka pent om landbrukets endringsvilje og bondens framtidsutsikter da han 9. desember presenterte Stortingsmelding om jordbruk «Endring og utvikling», men i den nye jordbruksmeldinga forsøker regjeringa å fjerne ei rekke enkeltordningar som til saman vil bidra til at distriktslandbruket blir kraftig svekka, og bonden får større risiko.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) frå Volda er ein dyktig politikar. Han har ordet i si makt og let vel om landbruket og vår evne til omstilling. Så vel at han nesten får endringane han tek til orde for i jordbruksmeldinga til å høyrast tilforlatelege og ufarlege ut. Men meldinga er ei samling av angrep mot bøndenes forhandlingsposisjon, sikkerheit for inntekt og avsetning av produkta våre, produksjonsfordelinga som bidreg til kulturlandskapet og høgast muleg samla produksjon, rekruttering, målretta velferdsordningar, lokal tilpasning av bruk av investeringsmidlar, dyrehelsa og mot landbrukssamvirka sin posisjon i høve til matvarekjedene.

Møre og Romsdal Bondelag merkar seg at i meldinga er det mykje god omtale om landbruket si evne til omstilling og effektivisering. Det norske landbruket blir framstilt som ein samanhengande suksess gjennom fleire tiår. Den gode dyrehelsa, den låge medisinbruken, eksporten av eineståande avlsmateriale og gode nisjeprodukt er noko vi kan satse vidare på. Endringsforslaga blir framstilte med fine ord som framtidsretta, mangfald, effektivitet og konkurransekraft, forenkling og økt produksjon på norske ressursar. Han ser landbruket og han ser verdiane i landbruket. Jau, han er ein politikar med ordet i si makt.

 

Men landbruk forstår han seg visst ikkje på

Landbruksminister Dale seier han vil landbruket vel, men når vi no står ved eit vegskilje går han til høgre i staden for å gå vidare framover. Dei endringane han tek til orde for vil i mange tilfelle verke motsett av det han sjølv trekkjer fram som positive trekk ved det norske landbruket. Sjølv om vi kan møtast og bli einige om ein strategi for klimatiltak i jordbruket og om auka bruk av utmarksbeite, så druknar desse positive initiativa i ei rad negative endringar som vil verke motsett av det Dale seier han vil.

Han vil legge til rette for auka rekruttering seier han. Tidlegpensjon vil han fjerne sjølv om det kan gjere at dei yngre får sleppe raskare til. Pengar øyremerkte til avløysing til ferie og fritid vil han kutte ut, sjølv om lite fritid er eit tungt argument for å ikkje bli bonde for mange unge som står midt oppi valet om vegen framover.

For dei som driv med gris, egg, geit, korn, potet eller eple blir inntekta litt meir usikker framover fordi vi ikkje lenger vil få same rett til å forhandle om prisen eller regulere utbodet av varer i marknaden gjennom oppbygging eller nedbygging av lager. Distriktslandbruket skal prioriterast og produksjonsdelinga mellom korn og grønsaker på den jorda som er eigna til det i flatbygdene og grasbasert husdyrhald i resten av landet skal styrkast, seier han. Men han vil forenkle verkemiddelbruken og gjere den mindre treffsikker. Han vil ha færre omsetningsregionar for mjølk. Det vil kunne føre til sterk sentralisering av mjølkeproduksjonen. Det vil ikkje auke den samla norske matproduksjonen. Bygdene med små bratte grasareal der mjølk er hovudproduksjonen i dag kan miste eksistensgrunnlaget sitt.

Han vil legge opp til at kraftfôrbaserte produksjonar som egg og kvitt kjøt skal sentraliserast rundt slakteri og eggpakkeri. Det vil auke smittepresset mellom gardane og slik auke medisinbruk og gjere produksjonen meir sårbar.

Det er meininga å få meldinga vedteke før jordbruksforhandlingane tek til. Vi skal ha mange og lange diskusjonar fram til da. Landbruket er godt rusta med dyktige folk og vi har gode støttespelarar. Vi skal klare å gjere dette til ei melding vi kan leve med framover men det krev at vi heng saman så vi ikkje blir hengde kvar for oss.

Oddvar Mikkelsen, Leiar Møre og Romsdal Bondelag