Vi kan ikkje vere nøytrale!
"Vi må vere nynorskens 'gutta på skauen'", skriv ein lesar i dette innlegget om språkleg nøytralitet i Surnadal kommune.
Partiet Høgre i Surnadal er for språkleg nøytralitet, kan vi lese i TK (19.6). Dei vil at alle tilsette i kommunen vår sjølv skal kunne velje om dei vil skrive nynorsk eller bokmål òg når dei representerer kommunen. Truleg er riksmål òg greitt for «Surnadal Høyre», som på «hjemmesiden» sin fortel at dei «…ruster Surnadal for fremtiden».
Den som vil ha eit aktivt og levande norsk språk basert på dialektene kan ikkje vere nøytral. Dei nøytrale står på sida og ser på kampen. Men arbeidet for nynorsken er dessverre ein kamp som krev eit aktivt forsvar, mot krefter som er så sterke at det eigentleg er utruleg at nynorsken står så sterkt som den gjer her i landet. Vi blir bombarderte med bodskapen om at det skriftspråket som er tufta på fellestrekka og -orda i dei norske dialektane ikkje er like bra, og vanskelegare, enn det språket som vart pålagt oss da vi var underlagt danskane og ikkje hadde eit eige. Surnadal Høgre har høyrt det så mange gonger at dei kanskje trur på det: på at dei som slit med å uttrykkje seg på nynorsk plutseleg vil bli så mykje betre skribentar og administratorar berre dei får skrive bokmål/riksmål. Eller at mindre nynorsk vil gi meir effektivitet, tilflytting osv. Det er bra at politikarane er opptekne av effektivitet, men like lite som at fleire års aktivt arbeid mot nynorsken har gitt Surnadal Høgre auka oppslutning, så kan nok nynorsken verken ta skulda, eller æra, for kommuneutviklinga.
Surnadal Høgre talar varmt for «valgfriheten» og mot «tvang» iht. skriftspråket. Vi vil jo alle vere fri, men den fridomen Høgre talar om finst altså ikkje i dei store mediehusa (utanom NRK og kanskje TV2), eller reelt sett i dei fleste norske bedrifter. Med nokre få men gode unntak er vi òg lokalt tilsynelatande «meir katolske enn Paven». Svorka sel t.d. «bredbånd» her i breibygda, medan Pipelife vil vidare opp og fram og har «høye mål» for «fremtiden».
Å skrive eit språk som alle nordmenn har fått undervisning i er vel ikkje meir tvang enn det ein elles må innrette seg etter av reglar og lover i arbeidslivet. Det handlar om at kommunen skal ha éin lokalt forankra språkleg profil, for informasjon og marknadsføring. Treng vi inspirasjon kan vi jo sjå til t.d. Vinje, Voss, Førde eller Ulstein. Og vi har da ikkje fleire unikheiter enn at vi må verne om statusen vår som «verdas nordlegaste nynorskkommune».
Dersom kommunen skulle bli nøytral, treng vi ikkje gå lenger enn til nabolaget vårt for å finne ut at dette, her som elles i landet, veldig lett fører til at bokmål blir einerådande. Vi er jo så vande med å knote og tilpasse oss. Eg kan forstå at det at Norge er to-språkleg kan vere utfordrande for arbeidstakarar frå andre land og kulturar, men som med alt anna nytt er opplæring – og vilje – nøkkelen. Betre opplæring i den lokale språkkulturen skulle òg hjelpe integreringa.
Eg ønskjer å tru på Surnadal Høgre når dei seier at dei ikkje vil nynorsken til livs, men eg blir usikker. I alle fall forstår dei ikkje at eit minoritetsspråk som nynorsk treng å vernast spesielt. Forslaget deira, som tidlegare har hatt støtte frå ordførar Nyheim, vil medføre ei svekking av både nynorsk og dialekta vår. Den vil og skal sjølvsagt utvikle seg vidare, men for meg er det logisk at eit språk som er bygd på dialektene, støttar opp under dialektene – viss det blir bruka. Her på indre Nordmøre har vi ei av dei best dokumenterte dialektene i landet, samt ei rik, lokal kulturhistorie som i stor grad er nedskriven på nynorsk. Kven skal kjempe for nynorsk viss ikkje vi gjer det? Viss ingen brukar språket, dør det. Er det det Høgre eigentleg vil?
Så vi kan ikkje vere nøytrale. Vi må heller bruke nynorsk enda meir aktivt og vere tydeleg i forsvaret av språket vårt. Vi må vere nynorskens «gutta på skauen».
Trond Skogseth