Vernar skogsområde i Bæverfjord
Regjeringa vernar 28 nye skogområde som naturreservat, deriblant Geitåa naturreservat i Bæverfjord i Surnadal kommune. Mange truga arter lever i områda. Regjeringa er snart halvvegs i målet om vern av 10 prosent av skogarealet.
– Skogvern er eit svært viktig tiltak for å bevare norsk naturmangfald. Det finst ni truga naturtypar og meir enn 1100 truga arter i skogane i Noreg. Hundrevis av insektarter, sopparter og enkelte fuglar er avhengige av daud ved og gamal skog. Det er derfor viktig at vi vernar dei viktigaste skogareala , slik at vi bidrar til å betre situasjonen for trua arter og naturtypar, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).
Vernevedtaket omfattar totalt omlag 80 km2 nytt verneareal med 56 km2 produktiv skog. Det har vore meir enn ei dobling av løyve til skogvern sidan førre regjeringsperiode. Frå og med 2014 er det løyva nær 2,4 milliardar kroner.
Naturreservata i dette vernevedtaket har mange ulike typar barskog, som kystfuruskog. Mange område har samtidig innslag edellauvskogstypar. Edellauvskog er skog dominert av varmekjære og oftast næringskrevjande arter av lauvtre, som alm, lind, lønn, ask, hassel, eike-artene, bøk og svartor. Nokre av områda er små, men har høg verneverdi ved at dei husar sjeldne og truga naturtypar med eit rikt biologisk mangfald.
Dei nye naturreservata ligg i Østfold, Telemark, Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Hedmark og Oppland.
Geitåa naturreservat (450 dekar) i Bæverfjord i Surnadal kommune er eitt av to områder som blir verna på Nordmøre. Det andre er Kanestraum naturreservat i Tingvoll kommune.
Les heile saka på heimesida til Regjeringa
Foto: Harald Egil Folden