Velsmakende 1

Velsmakande kvinnehelsedag

Todalen sanitetsforening inviterte laurdag naboforeningane til lokal Kvinnehelsedag, direkte frå Oslo kongressenter. Anledninga var at Norske Kvinners Sanitetsforening hadde streaming av sitt arrangement i Oslo, slik at enda fleire enn dei 1200 frammøtte i Oslo også kunne ta del i den store konferansen. (Bilde nedafor)

Velsmakende 3-001.jpg

Tema på Kvinnehelsedagen 2018 var likestilling, og på programmet var det mange interessante innlegg.

  • Global likestilling – eit uoppnåeleg ideal v/ Hilde Frafjord Johnson
  • Eit kjønnsblindt arbeidsliv v/NHH professor Christine Meyer
  • Kvinnehelse— meir enn underliv v/lege og forfattar Kaveh Rashidi
  • Norge– verdsmeistrar i likestilling? v/Manuela R. Osmundsen 

Og med komikar Christine Hope som underhaldande konferansier, vart det heile eit veldig bra arrangement.

I Oslo kongressenter var alt gratis, men det var det ikkje i Todalen Ungdomshus. Dette fordi sanitetsforeninga hadde invitert kokk Kristina Svinvik (bildet øverst) til å servere ein velsmakande to-retters lunsj til dei frammøtte sanitetsdamene frå 5 ulike sanitetsforeningar.

Velsmakende 2.jpg
Dagen baud også på velsmakande delikatesser for dei som møtte i Todalen.

Tekst/foto: Elinor Bolme