Vellykka vårdugnad på Mo kyrkjegard
Onsdag 8.mai var det vårdugnad på Mo kyrkjegard. Det var godt for soknerådet å sjå at rundt 40 personar møtte opp. Det vart fjerna kvistar og gammalt lauv, og skeive gravstøtter vart retta opp. Mange hadde sjølv med seg reiskap og dei som ikkje hadde, kunne bruka kyrkja sine. Fiske hagebruk stilte òg opp, slik at dei som ville kunne kjøpe vårblomster til gravstaden.
Helsing Mo sokneråd.
Da det meste av arbeidet var unnagjort vart det triveleg kaffelag utanfor servicehuset. No er kyrkjegarden klar til sommaren. - Tusen takk alle saman, sier Mo sokneråd.