
på Mo oppvekstsenter
Vellykka solidaritetskafè
Tordag 18. april var det solidaritetskafè på Mo oppvekstsenter, der vi samla inn pengar til fadderbarnet vårt som heiter Mulili Mutua. Elevane selde lodd og fekk inn over 12 000 kroner. Programmet ellers besto av allsong, elevinnslag, loddsal, kaffiservering og servering av heimebakst. Tilfeldigheitene gjorde det slik at vi fekk brev med bilete og helsing frå Mulili akkurat i dag.
Mulili Mutua er 15 år og har det bra. Han går framleis på skule. Han kunne fortelle om noko bra som hadde skjedd han og familien. Før var det nemleg slik at familien måtte gå 14 km, to gonger i veka for å hente vatn, men dette er det no slutt på. Dei har nemleg fått bora etter vatn. Dette viser at det nyttar å prøve å hjelpe.
Tekst/foto: Marit Bakk
Klikk på bildene for å se dem større og i serie:
Tekst/foto: Marit Bakk
Klikk på bildene for å se dem større og i serie: