Velklingande tjuvstart på Kulturvøkku
Musikkorpset Blæst'n inviterte søndag kveld til tjuvstart på Kulturvøkku 2017 i Rindal kirke. Det vart ein fyldig konsert med dei harmoniske vennene til Blæst’n.
Blæst'n drog det heile i gang for full musikk med marsjen «Nobles of the Mystic Shrine.»
- Det blir ikkje fleire knallharde marsjar, men vi måtte ha med ein, sa dirigent for Blæst’n og kveldens konferansier, Olav Morten Tørset.
Dei heldt fram med «Norwegian Sunset» med Magne Lillegård sin flotte, mjuke slagverkmarkering, og djup botn frå «storblåsarane».
«Just a Closer Walk With Thee» avslutta swingande denne avdelinga, der Magne L markerte seg godt.
Blæst’n fekk så med seg barnekoret Salt & Pepper på Lillebjørn Nilsen/Pete Seegers «Barn av Regnbuen.»
Tørset minte oss om at denne songen vart nemnt under rettsaka etter tragedien på Utøya, der den tiltala kalla bruken av denne songen i skulen for eit eksempel på hjernevasking og kulturmarxistisk indoktrinering av norske skulebarn. Som ein reaksjon på dette, og for å «ta tilbake songen», vart det arrangert offentleg allsong av «Barn av regnbuen» i fleire norske byar. Den største markeringa var på Youngstorget i Oslo 26. april 2012, da 40 000 menneske framførte songen på norsk og engelsk saman med Lillebjørn Nilsen.
Avdelinga til Salt & Pepper viste stor songglede, og Karstein Mauset sørga for godt lydbilde både frå koret og dei ulike solistane. Det var frisk og glad song dirigert av Elsa Jensvold og akkompagnert av Magne Lillegård på slagverk, Einar Lillegård, bass og Marie Skjerdal, piano.
Som fellessong hadde arrangøren vald Vårsøg av Hyldbakk og Sommerro.
- Eg kunne gjerne tenkt meg samanslåing av Rindal og Surnadal berre for å fått del i Henning Sommerro, sa Olav Morten under introduksjonen og refererte til alle musikalske bragdane Sommerro stod bak.
Lydmannen Karstein Mauset fekk også si eiga avdeling. Han framførte først «Trollheim», ei Hyldbakktekst, i lag med Jo Ranheim. Deretter delte han – som han sa - «hiten vår» og refererte til Perikoms tolking av Astrid Krog Halse sitt dikt «Du fann ingen blome».
Der hadde han med seg Jeanette Paulsen og fekk entusiastisk applaus frå publikum.
Til «Bruremarsj frå Lødingen» flott framført av Blæst’n, kom dette kortreiste og kortvokste brudeparet (Ellinor og Andrine) inn midtgangen i Rindalskjerka!
Så annonserte Tørset at dei skulle spele eit lite, kort stykke - folkevisa «Jeg lagde meg så silde».
- Der ville vi ha med oss ein gitarsolist, og da måtte det bli Jo, sa han.
Einaste korpsinstrument som gjer det muleg å spele og synge samtidig, er slagverk. Det gjennomførte Magne Lillegård stødig på «Lemon Tree» etter den tyske gruppa «Fools Garden».
Jeanette Paulsen og Jo Ranheim framførte songar av folk som truleg ikkje hadde vore på korpskonsert, trudde Jo. Først «My My, Hey Hey» (eller «Out of The Blue») av Neil Young, deretter Bob Dylans «Make You Feel My Love» som Adele har gjort så kjent, og som Ingebjørg Bratland framfører så fint på norsk.
Jeanette og Jo avslutta avdelinga si med Mary Hopkins «Good Bye». Det er alltid ei glede å høre dette fine, musikalske paret.
Jeanette var til slutt solist på den svenske folketonen «Visa från Utanmyra» med Blæst’n, der ho spissa framføringa med oktavsprang på siste verset.
Avslutningsnummeret til Blæst’n var «Domen» (Jan Magne Førde) med Olav Morten Tørset som solist på kornett, og Jo Ranheim sologitar. Ei mektig avslutning som fylte kyrkjerommet.
Da «Månemannen» frå Vamp vart annonsert som ekstranummer, gjekk det eit gisp gjennom forsamlinga, tydeleg ein ønskemelodi, og det vart eit verdig punktum for ei svært variert og harmonisk kveldskonsert.
Alle aktørane, både store og små fekk kvar sin blomster som takk for at dei deltok.
Her kviler den yngste av dei rundt 100 som hadde funne plass i Rindalskjerka denne søndagskvelden.