Skilta veg fra R65_690x518

Vegvesenet tek rekninga

Vegvesenet har lova at dei tek rekninga for reparasjonen av den private bomvegen over Furuhaugmarka i Rindal etter skadane den vart påført under stenginga av Fv65 i helga, melder ein glad vegstyreledar Per Kåre Nergård.

Han tykkjer det er flott at Vegvesenet tek dette ansvaret og rosar dei for det. No vil veglaget sette vegen i god stand igjen.
Derfor blir vegen stengt frå tysdag kl.19.00 til fredag 4. november.

Veglaget reknar også med at alle heretter vil betale bompengar, når dei ser kor viktig denne vegen kan vere!