tp_leserinnlegg

Varierande kvalitet på eldremsorga

Riksrevisjonen er bekymra for kvaliteten i eldreomsorga. Særleg er utfordringane store når det gjeld tryggleiken til eldre pasientar.

I ein ny rapport seier Riksrevisjonen at det er store «utfordringar» med ernæring, medisinbruk og fall i eldreomsorga. Kvaliteten og tilgjengelegheta er gått etter i saumane for tidsbolken 2014-2018. Hovudfunna er at eldre blir tildelt helse- og omsorgstenester utan at behova og ønskja er godt nok utgreidd. Det manglar naudsynt kunnskap om kvaliteten i tilbodet til dei eldre, og det er ikkje alltid at tryggleiken er godt nok tatt vare på.

Ein alvorstynga riksrevisor, Per Kristian Foss, meiner at staten ikkje har god nok oversikt over kommunane sitt arbeid med å sikre rett kapasitet i eldreomsorga.

«Mange eldre er underernært, og det er behov for å styrke arbeidet med å forebygge og behandle underernæring», heiter det mellom anna i rapporten. Dette er urovekkande opplysningar, slik eg ser det.

Dei framkomne fakta underbyggjer det som Pasient- og brukarombodet i Møre og Romsdal har peika på i årsmeldinga si for året 2016. I fororda til årsmeldinga heiter det mellom anna: «2016 har for ombudet vært et år med mange og til dels tidkrevende saker tilknyttet kommunenes helse- og omsorgstjenester. Vi har opplevd at ferdigbehandlede pasienter har ligget på sykehus i ukesvis i påvente av plass i institusjon i kommunen. Dette har vært krevende for pasientene. I tillegg har vi bistått pårørende som har kjempet for sykehjemsplass, men måtte vente på at det ble ledig plass. Andre opplever langvarig kamp om å få tilstrekkelige tjenester fra kommunen. Klage på vedtak imøtekommes ikke av kommunen, saken sendes videre til Fylkesmannen som opphever vedtak og sender saken tilbake til kommunen for ny behandling. Slike klageprosesser tar ofte mange måneder, i enkelte tilfeller over et år, og i mellomtiden opplever bruker et ikke tilstrekkelig tilbud. På vegne av brukerne er det ofte pårørende som kjemper disse «kampene» mot systemet.»

Av lesarinnlegg og kommentarar i lokalavisene i den seinare tid er ein blitt vitne til at slike «kampar» i høgste grad er aktuelle den dag i dag, også her på Nordmøre. Eg viser i så måte til «ferske» lesarinnlegg frå Per Helge Pedersen og Oskar Moen. Moen sitt innlegg i Tidens Krav (TK) av 29. november (s.8) hadde overskrifta: «Hvor ble det av eldreomsorgen som skulle skinne?» Per Helge Pedersen sitt siste lesarinnlegg i TK av 7. desember (s.24) hadde overskrifta «Gamle og syke mennesker er blitt en kasteball.»

Kommunar som Kristiansund, Sunndal og Surnadal har alle på få år redusert talet på sjukeheimsplassar betydeleg. Samstundes viser framskrivingstala frå SSB stor komande auke i talet på 80-åringar i dei same kommunane. Med aukande alder følgjer og aukande pleie- og omsorgsbehov. Så her kjem det store utfordringar.

Det er stor variasjon når det gjeld kvaliteten på eldreomsorga i norske kommunar. For å få best mogleg likskap bør eldreomsorga i størst mogleg grad finansierast gjennom øyremerka midlar. Svake grupper, som dei eldste eldre gjerne er, har lett for å gå tapande ut i kampen om ressursane. Ved at staten får ansvaret for eldreomsorga kan ein få til større likskap kommunane i mellom. Dei prøveprosjekta med statleg finansiering av eldreomsorga som er i gang i nokre kommunar ser lovande ut, blir det opplyst frå kompetent hald. Kommunane sin interesseorganisasjon (KS) er ikkje begeistra for statleg ansvar for kommunal eldreomsorg. Dei meiner kommunane best veit korleis eldreomsorga skal drivast. Det meste kan ordnast om kommunane får nok midlar, blir det hevda. Så enkelt er det ikkje i praksis. Sjølv om kommunane får auka inntekekter er dette ingen garanti for at dette kjem eldreomsorga til nytte. Midlane kan bli nytta til heilt andre føremål. At det kan gå slik finst det fleire konkrete døme på. Den eldremilliarden kommunane fekk i si tid viste at mykje av midlane blei bruka til heilt andre føremål enn eldreomsorg. Dette kan dokumenterast for den som måtte tvile på om dette stemmer.


Johs. J. Vaag