Vann sparring i Vestlandsmesterskapet
Laurdag 26.oktober var Una Langeland Gravvold frå Surnadal Taekwon-Do Klubb på Sotra og konkurrerte i Vestlandsmesterskap i taekwon-do. Der deltok ho i både mønster og sparring.
I mønster møtte ho god motstand og vart slått ut. Men i sparring gjekk ho mot utøvarar frå Bergen Taekwon-Do Klubb. Her gjekk Una Langeland Gravvold heilt til topps i klassen dame junior2 1 Dan. - 60 kg.