Rindal IL fotball:
Vann eiga turnering
Heimelaget Rindal IL tok seg heilt til finalen kor Kolstad venta på andre banehalvdel. Det blei ein spennande finale kor spelet bølga fram og tilbake. Til slutt kunne heimmelaget strekkje hendene i vèret etter 3 - 2 siger, etter at stillinga ved pause var 0 - 0.
Etter ein lang dag med kamper i tett rekkjefølgje, er det altså heimelaget, Rindal, som kan kalla seg for vinnar av vintercupen 2019. Etter ein målaus første omgang, starta andre omgang med eit langskot frå Kolstad som gjekk rett i mål frå midtbanen bak ein uheldig burvoktar, Stian Grytbakk. Men etter full tid sto det altså 3 - 2 på tavla, i heimelagets favør etter nettkjenningar av Wilyam Meskum, Martin B. Fjerstad og Håkon S. Mikkelsen.
Det var ein skikkeleg jobbeseier, og trenar Morten Møller var meget blid mann etter kampen. - Vi køyrer på heilt til fløyta går og det er ein skikkeleg jobbeseier, det unge mannskapet til tross! seier Møller.
Trollheimsporten gratulerer!
For alle resultater, sjå her.
Glimt frå bronsefinalen kor Oppdal slo Kolstad2 4 - 3
Glimt frå finalen
God stemning i sekreteriatet, her representert ved Bjørn Heggem og speaker Birger Løfald
Vinnarlaget!
Gjestane frå Trondheim; Kolstad