Styrkår_715x477

Laurdag 15.juni kl 1200- ca 1400

Vandring i gruveområdet på Glærum

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/1716939.1537.artrqbstvp/Styrk%C3%A5r_715x477.jpg

Illustrasjonen er frå kulturvandring på Skei i regi av Senioruniversitetet

 

Vandring i gruveområdet på Glærum

Laurdag 15.juni har du sjansen til å bli betre kjent med gruveområdet på Glærum. Denne dagen vil nemleg Senioruniversitetet for Surnadal, Rindal og Halsa arrangere vandring og orientering i gruveområdet . Her har det vore drive kalksteinsgruve sidan byrjinga av 1900-talet, og Ove Allan Brauten, saman med sonen Geir Brauten vil orientere om historia og om drifta i dag.

Kalksteinsdrift har lange tradisjonar i Surnadal, ved Årnes, Sjøflot og Glærum. Permanent drift har det vore på Glærum sidan 1927, og under krigen satsa tyskarane på stor utbygging her og ny krafttilførsel. Opprustinga vart akkurat ferdig til freden kom i 1945. I dag blir det årleg tatt ut mellom 16000 og 20000 tonn kalkstein.

For dei mest interesserte vil det også bli høve til å gå inn i gruva. Men då må dei vere godt kledd, helst ha på støvlar, og ta med seg (sykkel-)hjelm og lommelykt.

Framøtestaden er kontorbygget nede ved sjøen. Omvisninga startar kl 1200, og er rekna å vare maks 2 timar. Ta gjerne med mat og kaffe. Opplegget er gratis – og alle er velkomne.

EH