
Valgtrim til Svartvatnet
Det er Bæverfjord i.l. som arrangerer turen. Bæverfjord i.l. er medlem av Trollheimsporten. Bli medlem - klikk her! Alle medlemmer her.
Årets siste fellestur i regi Bæverfjord i.l. går på sjølvaste valgdagen. Turen startar frå Gjerdahaugen klokka 18.00, så da er det også tid til å stikke innom valglokalet på turen dit. Avstanden opp til Svartvatnet er passeleg for ein ettermiddagstur, og det er ikkje lenger enn at både unge og gamle kan vera med. Oppe på høgda ventar ei skikkeleg turperle. Ikkje minst om hausten er området kring vatnet ei oppleving. Kanskje nokon også vil prøve fiskelykka?
Svartvatnet er eit flott turmål som eigentleg er alt for lite bruka. Fleire plassar rundt vatnet er godt eigna for rasting, og bading er også muleg når temperaturen tillet det. Dessutan er det ikkje lenger unna enn at både barn og relativt utrena personar kan gå dit.