Arena:kirke "Sola e komma"
Vakker konsert i Rindal kyrkje
Arena:Kirke kunne by på ein vakker konsert med Henning Sommerro, John Pål Inderberg og Kor Gøttj i Rindal kyrkje fredag kveld. Sjå video.
Mange hadde funne vegen til kyrkja i kveld, men det hadde vore plass til mange fleire. Dette var ein konsert fylt med humor og vakker og kraftfull musikk. Henning Sommerro og John Pål Inderberg skuffa ikkje. Det gjorde heller ikkje Kor Gøttj. Dei hadde fortent eit enda større publikum.
Henning Sommerro er kjent for dei fleste i Surnadal og Rindal. Han er ein kjent komponist og musikar. John Pål Inderberg er prisbelønna saxofonist. Dei er begge professorar ved NTNU, og dei har samarbeidd i over 20 år. Konsertane deira er gjerne fylt med humor. Dei to er svært samstemte og improviserar gjerne, som publikum fekk oppleve i Rindal kykje i kveld og. Men dei kunne fortelle at dei av og til er lei av kvarandre, og det har hendt at dei har ete ved kvart sitt bord. John Pål med brødskiva si, og Henning med "kakskjiv".
Kor Gøttj dirigert av Dagrun Løset
Konserten i kveld åpna med "No e sola komma" med Kor Gøttj. Deretter kom Henning og John Pål fram med "E slåttatæja", denne har og tekst av Hans Hyldbakk. Ein vakker melodi og ein tankevekkjande tekst er dette, "får du høytørk fær fager fer?" Henning fekk alle til å nynne med mot slutten. Dei fleste lokale kjenner vel til Hans Hyldbakk, meinte Henning. Og dei yngste som ikkje kjenner til han kan gjerne "google" han... Hyldbakk drømte om å bli ein stor diktar, som Bjørnstjerne Bjørnson. Han oppnådde nok ikkje heilt dette, men han har sett spor etter seg likevel. Så fekk vi høre "Nordmørsminne".
Henning Sommero og Kor Gøttj
No kom dei til Rindal fordi dei fleire gongar har fått spørsmål om å ta oppdrag for Folkeakademiet. Dei har sagt nei så mange gonger at denne gongen var dei nødt til å seie ja. Dei brukar å "talla kjøle mykkjy" i konsertane sine, noko som er heilt i Folkeakademiet sin ånd. Dei siterte frå Folkeakademiet sine tidlige reglar, bl.a skulle det vere "bare foredrag - ingen diskusjon".
Ein annan diktar og tekstforfattar som Henning Sommerro har skreve melodiar til er Edvard Hoem. Alle songane til Edvard Hoem blir nesten som salmar, sa Henning, enda om det er ein tullesong. Vi fekk høyre "Den fattige Gud" og "Fang sommarens ange i natt", der saksofonen trylla fram sommarvind for oss.
John Pål Inderberg med saksofon
Henning har og samarbeidd med forfattaren Ove Røsbak frå Hedmark. Vi fekk høre ein vakker song som Røsbak skreiv til dotter si da ho vart konfirmert. Ein annleis og svært vakker konfirmasjonssong: "Gå mot stjerna, hu vil itte svikte deg. Hu er med deg på din veg helt fram".
Erik Bye var og ein kjent tekstforfattar som Henning har samarbeidd med. Vi fekk høre "Pilgrimssong", og deretter "Blå Salme", som vart framført med Kor Gøttj. "Kor gøttj he de det egentle?" spurte Henning etterpå, "De sjer så alvorle ut!". Men Inderberg tykte det var på sin plass å rose koret "Dem søng reint", sa han. Det er ikkje alle kor som syng så reint, meinte han.
Henning fekk latteren fram hos alle
Koret nynna med til ein tone frå Rindal, før dei framførte "Storhavets largo". Det har vore sagt at dette er ein tone frå Grip. Edvard Bræin skreiv ned denne tonen frå Goro Romunstad da han var på Grip. Guro var opprinneleg frå Rindal, så det viser seg at denne tonen og eigentleg er frå Rindal, fortalte Henning.
Henning funderte litt på om han skulle prøve orgelet i kyrkja, og kom fram til at han måtte nok det. Medan Henning var på veg opp underheldt John Pål forsamlinga med ei fornøyeleg utgreieng om slekta si, som var alt for vidløftig til å kunne gjengi her.
Vi fekk høre to vakre melodiar med kyrkjeorgel og saksofon, og Henning tillet seg å improvisere og leike seg litt på orgelet og. Den eine melodien vi fekk høyre var ein pols frå Gauldal, som ifølge John Pål sannsynlegvis aldri før hadde vore framført med kyrkjeorgel og barytonsaksofon. Han fann så fram notatane sine for å lese opp dikt. Dikta viste seg å ha lokalt innhald, då det eine visstnok handla om skimuseet og og det andre om kultursti. Ein del morosame stikkord kunne vi oppfatte, men innhaldet i dikta var elles ikkje lett å få med seg, da opplesinga gjekk fornøyeleg fort.
Henning var framme med trekkspelet og. Han spelar ikkje berre orgel. Og gjennom saksofonen kom lydane både av vinden og summing av insekt om sommaren. Stemningsfullt var det.
I dag har duoen vore først på Surnadal Sjukeheim, deretter i Stangvik, og til slutt i Rindal. Eit tett program. Henning Sommerro avslutta bl.a. med at han håpa denne konserten kunne vere med å åpne for litt meir allsidig bruk av kyrkja. Oftast skal vi berre bruka det som er frå augebryna og opp her i kyrkja, sa han. Han håpa at publikum i kveld hadde fått påverka andre delar av kroppen og, sjøl om ein tradisjonelt har vore litt redd for slikt i kyrkja.
Konserten skulle avsluttast med ein av dei vakraste av alle songar: "Sullabullyam", med tekst av Edvard Hoem og melodi av Henning Sommerro. Kraftfullt og vakkert med Henning sin song og orgelspel, kor og saksofon. Men etter stor applaus kom det obligatoriske ekstranummeret "No skin det sol", ei vakker avslutning.
På vegne av Arena:Kirke kom Ole Trygve Foseide opp og takka alle aktørane. Han forsikra at han ikkje berre var påverka over augebryna, men hadde kjent det heilt ned i tærne. Og der må nok vi andre seie oss enig. Kyrkja kan så gjerne brukast som konsertlokale oftare. Og vi får snart ein ny mulegheit. 25. april arrangerar Arena:kirke "Lufta er for alle", ein blåsar-konsert med Blæst'n og fleire inviterte blåsarar. Det kan vi sjå fram til...
Videoane nederst i saka er filma med handhalde kamera, og lydkvaliteten er nok ikkje heilt på topp, men vi håpar det kan gje eit lite inntrykk.
Video av Sullabullyam med Henning Sommerro, John Pål Inderberg og Kor Gøttj:
Ein tone frå Rindal: