Vårsong e1 Kaffe 2_690x471

Vårsongfest i Bøfjorden

«Syng med oss»-festen på 1. mai i Bøfjorden Grendahus er årviss. Torsdag inviterer Åsskard Kyrkjekor til allsong, trekkspeltonar, korsong, kaffe – og nytt av året: Eit sprudlande operashow med trioen Sigrid Vetleseter Bøe, Maria Nohr og Hedda Hansen Berg.

 

 

Songstudentane Sigrid og Maria og pianisten Hedda er velkjende, m.a. frå julekonsertar i Stangvik dei siste åra.

 

No gjer dei grendahuset til operasal i deler av programmet – med solo- og duettscener frå Cosi fan tutte (Mozart), Carmen (Bizet), Gianni Schicci (Puccini), Barbereren i Sevilla (Rossini), Rusalka (Dvorak), Porgy and Bess (Gershwin) og Trollkvinna (Tsjaikovski).

 

Dessutan mjauar Maria Nohr (t.v.) og Sigrid Bøe seg igjennom den artige «Katteduetten» etter Rossini.


Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor syng gamle slagerar og korsatsar. Frå venstre: Liv M. Polden, Nora Bøe, May E. Holten, Einar Husby, Kirsten Baadnæs Bøe, John Moe, Kari Sæther, Øystein Moe, Inger Garthe og Randi Vetleseter Bøe.

 

Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor saman med Peder Hønsvik (trekkspel) gir smaksprøver frå sin komande CD med slagermusikk. Medlemmer av «Hjemmelaget» byr på instrumentale danserytmer.

 

 

 

Allsongen og kaffekosen er også populære postar på Vårsongfesten. Gratis inngang, men arrangøren sel både lodd, kaffe og velsmakande småmat.

 

 

«Hjemmelaget» (t.v.) spelar opp – her med Peder Hønsvik (trekkspel), Tony Hopen (trommer) og Espen Wilhelmsen (gitar).

 

Tekst/foto: Bernt G. Bøe

 

 


Og så er det kos attmed kaffebordet, slik vi ser det her og på toppen av artikkelen!