Vårsøg Karin og Sara 2_1024x708

Kom og opplev Vårsøglandet

Vårsøg hotell med 100 ting å gjere i Surnadal

Mellom fjell og fjord på indre Nordmøre og toppen av Fjord Norge, ligg vakre Surnadal i all sin praskt. Kom hit og opplev vårsola skin, elvane bruse og fjelltoppane tindre. Eit levande eldorado for deg som vil nyte rein natur, fartsfylte aktivitetar, velfortent avslapping og ekte matopplevingar! Karin og Sara hos Vårsøg hotell har laga "100 ting å gjere i Surnadal" - ei brosjyre for heile bygda:

Karin Åsbø og Sara Brauten viser fram brosjyra - fersk frå trykkeriet i går - 100 ting å gjere i Surnadal!

Artig inspirasjonskjelde
Salgssjef Karin Åsbø og arrangementssjef Sara Brauten hadde sjøl ideen til denne brosjyra. Den skulle vera for heile kommunen og ikkje berre for hotellet - og slik vart det: - Ei artig inspoirasjonskjelde for å få folk til å kome hit, seier dei.

- Denne skal vi ha med rundt omkring på messer og legge ut på turistinformasjonar, fortel dei. Brosjyra vil bli delt ut gratis til alle som vil ha og heile Surnadal er med i den og blir presentert.

Designerord frå Vårsøg
- Målet er å få folk til å kome hit - kome til Surnadal, seier dei og blar gjennom brosjyra saman med Trollheimsporten. Den er hendig og liten og inneheld få, men store bilder. - Vi har prøvd å skape ei nordmørsk stemning i den - Vårsøglandet og vi brukar designerord frå diktet Vårsøg av Hans Hyldbakk i den: - Kjøle gøttj! - E får levva! - Poinn kaille isa! - Lokt tå gras! - Bekkjinn søng! - No skin det sol! - Fint e fjellå! - Det kjenne e så vel! - Frå kvite høgdå! - Brattast berjestellå! - E ska laua! - Stronk å strakjin! - Så sval ein drekk! - Er berre nokre eksempel på desse.

100 ting å gjere!
Den har symbolforklaringar og viser fram fartsfylt moro, for den aktive, aktivitetar for alle, festivalar, inspirasjon, guida turar, sightseeing, shopping, kultur, tid til å leva, mat og drikke og til slutt nokre surnadalske dialektord og ei telefonliste.

No oppfordrar dei alle til å ta med seg ei brosjyre og vise fram til alle - og så håpar dei mange tek turen til Surnadal framover!

Vårsøg hotell er medlem av Trollheimspoerten med link - bli medlem - alle her!