Vårdugnad langs Surna
Oppfordring: Vårdugnad på rundballplasten langs Surna?
Rett etter storflaumen i vinter vart eg så glad da leiaren for Møre og Romsdal Bondelag, Oddvar Mikkelsen, oppfordra medlemmene sine til å samle opp rundballar og rundballplast som hadde segla nedover Surna og hengte att langs kantane etter heile elva. Det var ein opptur å sjå den oppfordringa! Leiaren i lokallaget i Surnadal har også gjort det same til sine medlemmer.
Her på Honnstad og Mogstad har både gardbrukarar og andre i grenda fått samla opp dei aller fleste rundballane og fjerna noko av lausplasten. Men når våren kjem, og ein byrjar å gå langsmed elvamelar og øraskogar igjen, ser ein at det enno er mykje plast att. Slik er det òg på andre strekningar i dalføret.
Det blir utriveleg langs elva om slikt plastsøppel blir liggande, og noko av han vil etter kvart hamne ute i fjorden ved neste flaum. Med utsikter til meir plast enn liv i havet om få år, tenkjer eg at rundballplast på avvegar bør samlast opp no i vår.
Eg kjem difor her med ei oppfordring til gardbrukarane langs Surna:
Inviter til grendavis plastsamlardugnad langs elva no i vår, medan det er enkelt å fjerne plasten.
Landbruket kan å lage gaue arrangement, så de treng eigentleg ingen gode råd, men her kjem likevel tips for korleis dette kan gjerast:
-
Tromm saman til grendavis plastsamlarinnsats i 2 små timar ein dag no før eller innimellom våronna, med dei som mista rundball og plast i vinter, solidariske yrkesfrendar, laksekortselgarar og andre i grendene.
-
Avslutt med ein felles kaffekopp ved elvabredden etter endt innsats.
-
Transportmidlar for henting og leveringsordning for plasten har de, og i forkant av dugnaden inviterer de dyktige journalistar frå lokalaviser og region-/riksmedia.
Dette blir til eit trivelegare lokalmiljø langsmed elva vår. Og det blir ei positiv nyheit om aktiviteten langs Surna no like før laksesesongen startar og tilreisande fiskarar skal traske sine stigar langs elva igjen. Miljøinnsats er også god omdømmebygging for landbruket i desse tider.
Og det viktigaste: Dette tek lite tid, er enkelt å gjere, og er konkret miljøinnsats!
Nyttar med det same høvet til å ønskje alle ei god våronn!
Dordi Kjersti Mogstad, 28.april 2017
PS. Lokalt bondelag er kontakta direkte, men for å nå fleire blir dette også publisert her.