Vår på Sunna
Bunnpris feirer 1-årsjubileum med nye drivarar og RBL Rindal Landbrukssenter har gode vårtilbod denne laurdagen. I teltet kan du få deg både varm kaffe/saft og varm pølse, marsipankake og bakels!
Jon Moen hos RBL Rindal Landbrukssenter står midt mellom vinter og vår, snøfresar og plenklippar, klar til ein god handel!
Inne på Bunnpris er det glade festdagar med bær og frukt, viser Kjellfrid Bruseth Holte.
Blomster hører til i vårtilbodet hos Bunnpris.
Randi Holte serverer kjempestor marsipankake og varm kaffe i teltet, og kundane til de to butikkane forsyner seg gjerne av tilbodet!
Inne i bygga til RBL finn du mellom anna denne trucken som er nytt tilbod. Like eins ATV-ane frå Can-Am (nedafor).
Det sure veret gjorde nok sitt til oppmøtet, og dei fleste oppheldt seg innadørs i butikkar og lagerbygg.
RBL held ope til kl.15.00 denne laurdagen.