øye skule_550x354

Uttale frå klubben i Utdanningsforbundet ved Øye skule

Klubben i Utdanningsforbundet ved Øye skule har, i samband med det som har skjedd i saka om Nye Øye skule den siste tida, komme med denne uttalen.

Eige nybygg for 1.-7. trinn

Vi er glade for at det er eit stort engasjement for at det skal byggjast ny skule på Øye.

I slutten av april offentleggjorde Klubben i Utdanningsforbundet ved Surnadal ungdomsskule ein uttale der dei presenterte tre løysingar og var tydelege på kva for ei løysing dei stiller seg attom:

3. Byggje ein eigen barneskuledel ved sidan av SUS.

–​ Dette er ei løysing vi stiller oss bak. Det er denne løysinga vi heile prosessen har sett på som den beste. På denne måten får ein vidareført det vi har jobba for heile vegen, nemleg å ivareta dei ulike skulane sine særpreg, og gje elevane ein tydeleg overgang mellom barne- og ungdomskulen. Med to tette skulebygg er det framleis mogleg å finne gode løysningar for felles administrasjon og sambruk av areal i kjellaren på SUS, denne sambruken som heile tida har vore berande for prosjektet. 

Øye treng nye areal, fort. Men ikkje så fort at løysinga blir dårleg for elevane og dei tilsette.

Klubben i Utdanningsforbundet ved Øye skule stiller seg 100% attom denne uttalen.

Vi ønskjer å behalde ungdomsskulen slik den er i dag og at det førast opp eit nybygg for 1.-7. trinn tett inntil. Med ein passasje som gjer det muleg å gå tørrskodd mellom bygga kan ein sambruke fasilitetar som skulekjøken, sløydsal og bibliotek og anna eksisterande areal. Dette har vore eit ankepunkt for sparing gjennom heile prosessen.

Ved å byggje eit heilt nytt bygg inntil ungdomsskulen, løysast samtidig dei praktiske og økonomiske problema knytt til kor elevane på 1.-7. trinn skal opphalde seg medan byggjinga foregår.

Vi ønskjer ein funksjonell og fleksibel skule for elevar og tilsette. Bruk difor midla på å byggje nytt for 1.-7. trinn. Da får vi mest egna areal for pengane.

 

Klubben i Utdanningsforbundet ved Øye skule