
Utlegging av manntalet
Manntalet i Surnadal i samband med kommunestyre- og fylkestingsvalet i haust er lagt ut til offentleg ettersyn på desse stadene frå og med veke 30 til og med valdagen 12. september:
Mo krins og Nedre Surnadal krins: Post i butikk – Coop Domus og Kommunehuset – sørvistorget. Bæverfjord krins: Bæverfjord Samvirkelag. Bøfjorden krins: Bøfjorden Samvirkelag. Stangvik krins O.O. Stenberg – Kvanne. Todalen krins: Ica nær Todalen.
Samemanntalet er lagt ut på kommunehuset – sørvistorget.
Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet eller om det er andre feil, kan du sende skriftleg klage til Surnadal valstyre, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal. Klagen skal vere grunngjeven.