Kommunestyrevalet og fylkestingsvalet 2019:
Utlegging av manntalet til gjennomsyn
Står du i manntalet?
For å kunne stemme ved haustens kommunestyre og fylkestingsval må du stå i manntalet. Manntalet blir utlagt til allment ettersyn slik at du kan sjekke om namnet ditt står der.
Manntalet for Surnadal kommune blir lagt ut til allment ettersyn frå måndag 15. juli og fram til og med valdagen den 9. september 2019 på desse stadane:
Surnadal kommunehus – servicetorget Surnadal kulturhus – biblioteket.
Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet eller om det er andre feil, kan du sende skriftleg klage til Surnadal valstyre, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal. Klagen skal vere grunngjeven.
Meir informasjon om valet finn du på kommunen sine heimesider www.surnadal.kommune.no.
Surnadal valstyre