Bøfjording med «Jakt og drama»:
Utgir jakthistorier
«Kåre O» er eit kjent namn i mange kretsar på Nordmøre. Fiskaren, jegeren, kulturmannen og hobbyskribenten Kåre O. Bøklepp har samla eigne villmarkshistorier i boka «Jakt og drama».
Novellene «Storhjorten», «Høstjakt», «På sporet av Storgaupa» og «Trollmåren» vil sikkert gi gjenkjenning og aha-opplevingar til mange som er glade i natur, jakt og dyreliv. Og sjøl om forfattaren seier alt er oppdikta, skin nordmørsk fjellandskap, lynne og uttrykksmåte tydeleg igjennom.
Eit særtrekk i boka er at forfattarens skildrar mange hendingar frå dyra sitt perspektiv – i veksling med jegerens og fjellvandraren sine opplevingar av drama og idyll.
Bøfjorden Historielag, som gir ut boka, har også med eit biografisk portrett av forfattaren.
Boka er illustrert med teikningar av Anita Nedal Øyane og Randi Vetleseter Bøe og med mange natur- og dyrefoto.
«Jakt og drama» av Kåre Bøklepp blir lansert på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag.
Kåre O. tek oss med på spennande villmarksopplevingar i boka «Jakt og drama».
Frå «Storhjorten» - teikning av Anita Nedal Øyane.
«Trollmåren» utforma av Randi Vetleseter Bøe.
Tekst/foto: Bernt G. Bøe/Bøfjorden historielag