Surnadal kommune melder:
Utdeling av hedersteikn
Tirsdag var det markering på Vårsøg hotell, med utdeling av klokker til arbeidstakarar som har vore tilsett i Surnadal kommune i meir enn 25 år.
Fremst frå venstre: Lilly Gunn Nyheim, Inger Anne Sunde, Maja Stenberg, Marit Karlstad, Jorunn E. Heggset, Olaug Berit Caspersen og Knut Haugen. Bak frå venstre: Synnøve Skjermo, Anna Britt Vikan, Synnøve Green Gjeldnes, Arndis Søyseth, Gunhild Anne Hyldbakk, Grethe Bøe Snoen, Grethe Nes, Arne Geir Seljebø, Gerd Marie Bævre og Svein Halsetrønning. (Haldis Bergem, Wally Marie Buvik, Tatjana Maric, Mette Vaardal, Ingrid Bjørg Røe og Odd Arnfinn Einmo var ikkje tilstades under tilstelninga og vil få utdelt klokke og kunstverk ved ein seinare anledning.
Det vart utdelt lokalt kunstverk til arbeidstakarar som har slutta etter meir enn 25 års teneste, og til arbeidstakarar som har gått av med pensjon.
I år var det 7 stk som fekk klokker, og 15 som fekk kunstverk. I tillegg vanka det blomster og gode ord til arbeidstakarane frå ordførar, rådmann og einingsleiarar.
Dyktige elevar frå Kulturskulen stod for underhaldning: Eirik Endreson Klinge spelte "Spansk romanse" på gitar, og Gunn Astrid Hove (song) og Pål Sæther (piano) framførte "Writings in The Wall".
Vi gratulerer alle saman for den store innsatsen dei har gjort for Surnadal kommune.