vandrar1_1024x683

Unggutar vart æresvandrarar

Laurdag ettermiddag vart utmerkinga «Årets æresvandrer» delt ut for femte gong i Norsk vandrefestival si historie. Dei tidlegare vinnarane av den gjæve prisen er Olav Thon, Kristin Krohn Devold, Øystein Dahle og Lars Monsen. I år vart det ein gledeleg og velfortent, dobbel «heimeseier» da unggutane Bersven Røkkum og Håkon Vang Aas fekk prisen for stor turglede og stort mot- og sin innsats som vegvisarar for den yngre garde på turfronten.

Dei to gutane tok imot prisen frå Ragnhild Godal Tunheim i Norsk vandrefestival på utescena i Svinviks arboret laurdag kveld og føyer seg dermed inn i ei solid rekkje av celebritetar innan norsk friluftsliv. Ragnhild Godal Tunheim begrunna tildelinga med at dei to gutane har vore gode vegvisarar for den yngre garde, men også at 16-åringane har vist stor turglede og stort mot- på ein tur fri for elektroniske duppedittar og foreldre!

Bakgrunnen for pristildelinga er turen «Norge på tvers» som dei to gjennomførte i fjor sommar. I løpet av 37 dagar tilbakela dei ei strekning på heile 420 km i luftlinje til fots. Dei starta ved Femunden, gjekk langs svenskegrensa, vidare til Røros og Trollheimen før dei endte opp på Nesøya.

Tidlegare på kvelden hadde dei unge eventyrarane presentert turen sin for publikum i Svinvika gjennom eit underhaldande lysbildeforedrag. Kanskje det første steget deira inn i verda som friluftskjendisar? Vi applauderer saman med resten av publikum i Svinvika for dei to unge vinnarane, og var nok ikkje dei einaste til stades som hadde på følelsen at frå desse to kan vi nok også få høyre om spennande prosjekt seiare.

Klikk på bilda for å sjå dei større! Alle foto; Norunn Holten

 

 

vandrar 2_1024x683
Håkon Vang Aag og Bersven Røkkum fikk kvar sin vandrarstav som bevis på at dei er æresvandrarane for 2013.
diplom_1024x683
Dei unge eventyrarane fekk også kvar sin diplon frå Ragnhild Godal Tunheim i Norsk vandrefestival.