
Unge grønsakshandlarar på Skei
Selde økologiske grønsaken ved Coop Mega: Silje Avset Sjøflot, Guro Beate Sæterbø, Emma Fiske, Ane Mogstad, Marte Næss, Arnstein Aasbø og Even Meisal. Alle foto: Norunn Holten
Det er eit rikhaldig utval grønsaker elevane har bydd fram til surnadalingane, eit utval som også inneheld ein del spennande innslag ein ikkje nødvendigvis finn i alle kjøkkenhagar i bygda. Plommene har gått unna i ein fart og er utselte når Trollheimsporten er innom torghandlarane, men dei har enno isop, te, grønkål, urtete, fennikel, potetar, salat, bladpersille, kjørvel, rødbeter, lauk og bondebønner! Etter at utgiftene med grønsaksproduksjonen er betalt, reknar dei med eit lite overskot. 10 prosent av pengane dei får inn, skal gå til kreftforeninga, fortel dei. Elles fortel elevane også at Surnadal sparebank har støtta grønsaksproduksjonen og slik vore med på å sikre dei grøne tal i regnskapsboka.
I skulekvardagen deira har kvar måndag vore "Inn på tunet-dag", og elevane har dratt den 1, 5 km lange vegen frå skulen til Oppistua på Øye for å arbeide i skulehagen. Her har det blitt arbeidd med blomster, grønsaker og urtar. Etterpå har elevane laga mat der dei har nyttegjort seg råvarene dei har dyrka fram. Det er også oppstarta elevbedrift i samband med produkta frå skulehagen.
Alle elevane får vera med på "Inn på tunet", og torghandlarane vi møtte, kan fortelje at dette litt spesielle skulearbeidet er "gøytt". Artig var det sikkert også å nå målet med arbeidet; å selje varene, ikkje minst fordi surnadalingane viste stor interesse for dei biodynamisk dyrka grønsakene elevane hadde å tilby.
Fennikel og poteter var blant utvalet dei unge handelsmennene baud fram.