duo_1024x683

Unge artistar heldt "Kaffekonsert"

Når eit semester går mot slutten, brukar Kulturskulen for indre Nordmøre å visa fram kva elevane har jobba med det siste halvåret. Laurdag formiddag var det derfor igjen klart for "Kaffekonsert" i foajeen ved Surnadal kulturhus. Dei mange  musikarane og  innslaga viste at både elevar og lærarar har jobba godt også i vinter, og at arbeidet har gitt resultat. Somme av artistane som entra scena var rutinerte med å stå framfor eit publikum, andre stod på scenen for første gong. Alle ga likevel 100 % innsats for dei mange publikummarane som hadde møtt fram for å høyre på dei.

Kaffekonserten er det første av fleire arrangement der kulturskulen viser fram fruktene av arbeidet som er gjort ved skulen denne vinteren. Tysdag blir det kunstutstilling med elevarbeid i Finstuå, og rett etterpå er det konsert i Storstuå. Den 10. juni er det dansarane ved kulturskulen som skal vise fram kva dei kan. Sjå meir om kva som gjekk føre seg på konserten laurdag på bileta under.

Klikk på bilda for å sjå dei større eller i serie!

 

 

duo_1024x683
gitarist_1024x683
jentetrio_1024x683
songarinne_1024x1536
trommis 1_1024x683
trompet_1024x1536
gruppa_1024x683