"Ung" påskemusikk
Perler frå påskemusikkens skattkiste blir å oppleve på Sunndalsøra (Hov kyrkje) skjærtorsdag og i Surnadal (Øye) langfredag klokken 16. Vakre, gamle tonar av unge geni blir formidla av like unge musikkrefter. Les omtale av konserten inne på saken.
Den norske kirken Rindal og Surnadal er medlemmer av Trollheimsporten. Alle medlemmene finner du her.
Festivalkvartetten (tilknytt KKKK-festivalen i Kristiansund) er berande element i påskekonsertane. Den består av Alex Robson, fiolin (nyleg attkomen frå solistoppdrag i England), Åshild Breie Nyhus, fiolin (dotter av han med gammeldanskvartetten), Anders Rensvik, bratsj (sønn av KKKK-veteran Peder) og Oslo-cellisten Fredrik Sjølin. Songsolistar er Sigrid Vetleseter Bøe frå Bøfjorden og medstudent Maria Nohr frå Kjerringøy.
Ung musikk?
Sjøl om musikken er 200-300 år gammal, er den både ungdommeleg og gripande. Sentralt står pasjonsverket “Stabat mater” – komponert på dødsleiet av 26 år gamle Giovanni Pergolesi i 1736. Teksten (eit dikt frå rundt 1300) skildrar mor Maria ståande ved Jesu kors langfredag. Mange har tonesett dette, men neppe nokon så vakkert som unge Pergolesi. I melodiøse soloparti og duettar blir Marias tankar til ein musikkandakt som seint slepper taket i tilhøraren. Jamaldring av utøvarane var også Franz Schubert (han vart berre 31) da han skreiv sin “Rosamunde”-kvartett. Dei fire satsane byr på intenst samspel – skiftande mellom drama og skjønnhet. Etter konserten vil mange nynne vidare på Rosamunde-temaet frå andre sats, ein av melodigeni Schuberts nydelegaste tonar.
Turne på Nordmøre
Konsertturneen startar i Kristiansund (Nordlandet) skjærtorsdag og held fram same kveld i Hov. Langfredag får Øye kyrkje besøk om ettermiddagen. Songarane og kvartetten deltek også – saman med Åsskard Kyrkjekor – under Påskesongmessa i Åsskard kyrkje langfredag kveld. Her blir det salmesong, tekstdramatisering og musikk av Handel og Mozart forutan korte utdrag frå “Stabat mater” og “Rosamunde”.
Tekst & foto: Bernt Idar Bøe
Festivalkvartetten, Sigrid Bøe og Maria Nohr formidlar påskemusikk på Nordmøre.