Ugagn
Enda ein gong har kjeltringar vore på besøk ved bommen til Furuhagmarkvegen i Rindal. Natt til mandag vart hengelåsen fjerna. Kassa var tømt søndag kveld, så det vart lita lønn for strevet, men for veglaget er det irritasjon og kostnad til nytt lås.
Det er andre gongen på kort tid at dei opplever skadeverk,og no blir politiet orientert. Dei fleste betaler med Vipps eller til bankkonto, og da kjem pengane dit dei skal – til vedlikehald av vegen.
Vegen over Furuhaugmarka er no grusa for 50 000 kroner.