Ugagn igjen

Enda ein gong melder Furuhaugmarka veglag om at kjeltringar vore på besøk! Hengelåsen ved bommen til Furuhagmarkvegen i Rindal er enda ein gong klipt over og fjerna. Kassa bli tømt jamt, så det vart lita lønn for strevet, men for veglaget er det irritasjon og kostnad til nytt lås.

- Betal bompengane eller årskort med Vipps eller bankgiro, så kjem pengane dit dei skal. seier Per Kåre Negård, ledar i styret for Furuhaugmarka Veglag. Det gjeld nok alle slike bomveganlegg.

IMGP6189.JPG

Dette er tredje gongen på kort tid at dei opplever skadeverk her.

Vegen over Furuhaugmarka er no grusa for 70 000 kroner denne sommaren, så no er den i topp stand. Slik får brukarane noko att for pengane.

IMGP6190.JPG

IMGP6191.JPG

IMGP6192.JPG

Furuhaugmarka Veglag er medlem av Trollheimsporten.