690 ørjan nes haugen ingr

Uavgjort for Surnadal

Laurdag spelte Surnadal sine fotballherrar sin andre treningskamp på to dagar. Trass stor Surnadal-dominans enda kampen mot Kvass/Ulvungen 1-1.

Allereie etter 16 sekund av kampen mot Kvass/Ulvungen laurdag, fekk Surnadal ein kjempesjanse til å ta leiinga. Sindre Fiske plukka opp ei horribel tversoverpasning i Kvass-forsvaret og finta seg flott forbi oppassaren sin.

Avslutninga gjekk via keeper og like utanfor mål. Hjørnesparket heada Ola Øyen Saltrø like over. 

Oppmuntra av ein god andreomgang i tapet mot Orkla 2 på fredag, kom Surnadal ut av startblokkene i hundre.

Berre tre minutt var spelt då Kvass sin keeper, i duell med Steinar Heggset, slapp ein høg ball slik at den gjekk over målstreken. Surnadal trudde i nokre sekund at dei hadde teke leiinga, men det vart dømt frispark mot Heggset.
 

God førsteomgang

Den første halvtimen dominerte surnadalingane stort, utan å få utelling i målprotokollen. Kvass/Ulvungen har forsterka med fleire tidlegare Sunndal-spelarar etter at sistnemnde rykka opp til 3. divisjon, og er venta å kjempe i toppen av 5. divisjon.

Mot slutten av omgangen jamna det seg litt meir ut, men framleis med Surnadal som det førande laget. 0-0 stod seg til pause.

– Eg er godt fornøgd med førsteomgangen vår. Vi spelte med bra trykk, og burde leda tre eller fire null til pause, seier Surnadal-trenar Webjørn Holten.

Surnadal gjorde fem bytter ved pause, og rullerte på heile troppen, slik dei og gjorde mot Orkla 2 fredag.

I det 52. minutt varta Frikk Hauglann Talgø opp med kampens prestasjon, då han gav heimelaget føringa. Talgø mottok ballen feilvendt på 16-metersstreken, og vendte opp med mann i rygg. Han reiv seg fri frå oppassaren sin og sette ballen kaldt til side for Kvass/Ulvungen sin keeper. 

Etter ein snau time utlikna bortelaget, då ei uheldig klarering frå keeper Lars Ove Løseth enda opp hos Kvass/Ulvungen-ving Christoffer Sundby. Han sette ballen kontant opp i nettaket, og dermed stod det plutseleg 1-1.

Løseth leverte elles ein veldig god kamp, i det som var den første fotballkampen hans sidan han flytta heim att frå Oslo.
 

– To fine gjennomkøyringar

Den siste halvtimen var kampbiletet slik at Surnadal stort sett hadde ballen, medan gjestane forsvarte seg og satsa på kontringar.

Heimelaget sleit med å skape sjansar mot eit godt organisert Kvass/Ulvungen, og faktisk kunne bortelaget stjåle seieren med ei god kontring eit halvt minutt før full tid.

Heldigvis for Surnadal gjekk avslutninga til Andreas Ulvund over, og kampen ebba ut med 1-1.

– Mange bytter gjorde at vi mista rytmen litt utover i andre omgang, og vi fann rett og slett ikkje flyten. Uansett, dersom vi ser kampane i går og i dag under eitt, har vi hatt ei god helg med to fine gjennomkøyringar, seier Webjørn Holten.

Han nemner Knut Ola Høvik, Lars Mogstad, Tore Bævefjord og Petros Simon Bokre blant spelarane som markerte seg positivt mot Kvass/Ulvungen.

Surnadal sin første obligatoriske kamp denne sesongen er 1. runde i NM-kvalifiseringa borte mot Sunndal 24. mars.
 

Kampfakta:

Surnadal-Kvass/Ulvungen 1-1 (0-0)

Mål:

1-0 Frikk Hauglann Talgø (52.)
1-1 Christoffer Sundby (58.)

Gule kort: Frikk Hauglann Talgø, Surnadal. Bendik Haarberg og Kristoffer Ansnes, Kvass/Ulvungen.

Surnadal stilte slik, frå høgre mot venstre (4-3-3):

Lars Ove Løseth

Ola Øyen Saltrø (Håkon Sæther i 46. min)
Lars Mogstad (Vegar Brøske i 65. min)
Knut Ola Høvik (Ørjan Nes Haugen i 46. min)
Steinar Heggset (Tore Bæverfjord i 46. min)

Petros Simon Bokre (Lars Mogstad i 77. min)
Geir Bævre (Sander Smevoll i 46. min)
Sindre Hyldbakk Kvande (Geir Bævre i 65. min)

Frikk Hauglann Talgø (Erlend Halset Ulvestad i 68. min)
Vegar Brøske (Amen Gebrehiwet Hailu i 46. min)
Sindre Fiske (Bjarne Østbø i 68. min)

 

690 frikk hauglann talgø scoring
Frikk Hauglann Talgø feirar 1-0.
690 lars ove løseth
Lars Ove Løseth.
690 sindre fiske
Sindre Fiske.
690 ola øyen saltrø og frikk hauglann talgø
Ola Øyen Saltrø og Frikk Hauglann Talgø.