Uavgjort borte mot seriefavoritten
Surnadal/Søya/Todalen sitt damelag imponerte, då dei torsdag åpna sesongen med 2-2 borte mot Clausenengen/Dahle. – Eg er knallfornøgd med det spelarane leverer, seier trenar Erling Fiske.
Ingressfoto: Surnadal/Søya/Todalen damelag. Bak f.v.: Ida Ranes, Else Vaseng Kvammen, Andrea Eide Naustbakk, Marte Nes, Emma Sæther, Eline Flora Ynonan Børmark, Ane Mogstad, Marte Næss. Framme f.v.: Stine Fiske, Lone Kvande Brøske, Hedda Aasbø, Gunn Mari Våbenø, Karen Grytskog Skralthaug, Alice Eide Naustbakk, Ine Fiske.
Etter at den planlagte heimekampen deira mot Langfjorden/Træff 2 i første serierunde vart utsett, var det torsdag endeleg duka for seriestart for damelaget Surnadal/Søya/Todalen i 3. divisjon.
Sjølv om dei har mista ei heil rekkje spelarar sidan i fjor, var dei før seriestarten klare på at dei skulle kjempe hardt for kvart einaste poeng.
Og det viste dei frå første spark på ballen mot Clausenengen (CFK)/Dahle, som slo Eide og omegn 3-0 borte i sin første kamp for året. Eide og omegn slo på si side Sunndal 2 1-0 torsdag, noko som nok tyder på at det var eitt av dei aller beste laga i serien som tok imot Erling Fiske sine utvalte på Kristiansund stadion i går.
– CFK/Dahle er kanskje den aller største seriefavoritten, dei har prøvd å rykke opp i fleire år utan å klare det. Men i denne kampen var vi klart best i over ein time, seier Fiske, som ikkje kan få rost laget sitt nok.
– Det var rett og slett utruleg artig å sjå på. Vi vart samde om kva vi skulle gå ut på bana og prøve på, og det spelarane viste var ikkje berre å prøve - det var å lykkast, seier trenaren, og fortsett:
– Midtbana med Ane Mogstad, Marte Nes og Ine Fiske vann omtrent alle duellar, og Ane Mogstad var heilt sjef sentralt, ho braut opp omtrent alt CFK/Dahle prøvde på. I tillegg var forsvaret både kontant og spelande. Dei klarerte når dei måtte, og spelte ball når dei kunne. I tillegg skapte vi mange sjansar gjennom flotte angrep.
– Oppløftande å sjå kor bra vi framstår
Det første målet i kampen var det likevel heimelaget som fekk, då Mari Johanne Flatø Golmen scora via eit uheldig Surnadal/Søya/Todalen-bein etter 21 minutt.
– Det var ikkje noko anna enn uflaks, og slik som skjer av og til. Eg legg større vekt på at dei omtrent ikkje skapte sjansar på oss elles i kampen, seier Fiske, som fekk sjå laget sitt utlikne fire minutt seinare.
Då sette Marte Næss ballen kontant i mål etter innlegg frå Emma Sæther.
Etter scoringa dominerte Surnadal/Søya/Todalen kampen, men 1-1 stod seg til pause.
– I pausen var det i grunn ikkje så mykje å rette på, for vi spelte akkurat slik vi har lyst til, og etter årets første omgang var både stemninga og humøret på topp hos heile gjengen, seier Fiske, som seier at det er godt å sjå kvar laget står, etter ei noko trøblete sesongoppkøyring.
– Vi var veldig, veldig spente før kampstart, for i store deler av oppkøyringa har vi vore få på trening. I tillegg til at vi har mista spelarar, har vi ein del spelarar som held på med andre idrettar om vinteren, medan andre har arrangert russerevy. Vi har difor ikkje fått spelt treningskampar, så det var veldig oppløftande å sjå kor bra vi framstod mot CFK/Dahle, seier han.
Etter 57 minutt gjekk Surnadal/Søya/Todalen opp i leiinga, då Hedda Aasbø utnytta eit dårleg tilbakespel frå heimelaget og sette ballen i mål.
Om lag ti minutt før full tid glapp likevel seieren, då Sunniva Egset Sæterbø fastsette sluttresultatet til 2-2.
Gler seg til heimekamp torsdag
– Er du mest fornøgd med uavgjort eller skuffa for at seieren glapp mot slutten?
– Litt begge deler. Vi blir slitne den siste halvtimen, men samtidig tykkjer eg vi spelar så bra så lenge, at vi hadde fortent å vinne. Først og fremst tykkjer eg spelet vårt i dag er utruleg oppløftande, og spelarane viser tydeleg kor mykje som bur i årets damelag, seier trenar Fiske.
Han er godt fornøgd med miksen av J17-spelarar og dei som har vore med noko lenger. Torsdag fekk Karen Grytskog Skralthaug (16), Stine Fiske (16) og Gunn Mari Våbenø (17) debutane sine for Surnadal/Søya/Todalen sitt damelag.
– Ser ein på laget mot CFK/Dahle er det i all hovudsak denne gjengen, pluss Ingvild Berg, som utgjer damelaget denne sesongen. Mange spelte i andre posisjonar enn dei gjorde i fjor, og fleire av spelarane som no står fram som nøkkelspelarar, sat mykje på benken førre sesong, seier Fiske, som hadde med seg Lars Sæther på trenarbenken.
Fiske legg til:
– Vi utfordra ein del av dei spelarane som no er blant dei eldste om å ta ansvar denne sesongen, og det er heilt fantastisk å sjå korleis dei står fram og verkeleg tek tak. Eg er rett og slett kjempeimponert, og vi gler oss stort til heimekamp mot Moldestudentenes IL på torsdag.
– Då skal vi vise publikum på Syltøran kven damelaget 2019 er, og kva vi står for.
Kampfakta:
Clausenengen/Dahle-Surnadal/Søya/Todalen
Kristiansund stadion, torsdag 2. mai kl. 19.30
Mål:
1-0 Mari Johanne Flatø Golmen (21.)
1-1 Marte Næss (25.)
1-2 Hedda Aasbø (57.)
2-2 Sunniva Egset Sæterbø (79.)
Surnadal/Søya/Todalen sitt lag, fra høyre mot venstre (4-3-3):
Eline Flora Ynonan Børmark
Ida Ranes
Karen Grytskog Skralthaug
Lone Kvande Brøske
Andrea Eide Naustbakk
Marte Nes
Ane Mogstad
Ine Fiske
Alice Eide Naustbakk
Emma Sæther
Marte Næss
Benyttede innbyttere:
Hedda Aasbø
Stine Fiske
Else Vaseng Kvammen
Gunn Mari Våbenø
Både Surnadal IL, IL Søya og Todalen IL er medlemmar av Trollheimsporten.