Turstigruppa vil oppgradere

Turstigruppa i Rindal IL er igang med søknadsprosess om tippemidlar til oppgradering av infotavler og skilt i turstinettet i Rindal. For å kunne søke må dei ha skriftlege avtalar med alle grunneigarane til turstiane.

Denne gongen gjeld søknaden oppgradering av informasjonstavler og skilt ved starten og undervegs i turstiane. Dei nye tavlene blir i aluminium med plastfilm og svært verbestandig. Skilta blir så lik dagens skilt, men i aluminium. Slik vil dei vare lengre.

- Turstinettet vårt skal bli best muleg, seier Baard Gåsvand, ledar i Turstigruppa.

IMG_0558_690x920.jpg
Eksempel på informasjonstavle ved starten av ein merka tursti i dag.

IMG_0774_690x518.jpg
Dei nye tavlene blir meir lik denne.

Det som er oppgaven no, er å skaffe skriftlege avtalar med alle grunneigarane til stiane. Rindal kommune har hjelpt Turstigruppa med å skaffe namn på alle grunneigarane, og no går oppmodinga til dei om å ta godt imot medlemmene i styret for Turstigruppa når dei møter dei for å ordne denne formaliteten som er eit krav for å få tippemidlar. Dei har alt fått utvida frist for å klare dette.

- Frå før har vi muntlege avtalar, og for faste anlegg som gapahukane, har gruppa alt skriftlege avtalar, fortel Gåsvand, - og alle grunneigarane har vore svært positive, noko som vi er heilt avhengige av.

Berre til Tørsåsløa og til gapahuken ved Langvatnet er det skriftlege avtalar på plass for stiane.

- Turstiprosjektet i Rindal er nokså unikt, legg ordføraren til. - Her har vi turmål for alle, frå rullestolbrukarar og barnevogner, til lengre turar som til Ruten.

Turstigruppa er glad for at kommunen er så positive til arbeidet dei legg ned, og at grunneigarane har vore støttande deltakarar i arbeidet med alle gapahukane og «Barnevennlege turmål». Rindal Sparebank har også vore ein god støttespelar.

IMGP2538-001[1].JPG
Rune Løfald, Aud Lillegård, Eli Landsem Solvik, Baard Gåsvand frå Turstigruppa i møte med ordførar Vibeke Langli. Framtidsidear som kom fram rundt bordet var stort skilt i sentrum som peika ut retninga til ulike turmål, men kanskje også til plassar turistane kjem frå, slik vi kan sjå i mange storbyar! Og kanskje kjem det QR-koder på skilt ved interessante og kultuhistoriske plassar ved stiane.

Historia til Rindal ILs Turstigruppe skriv seg tilbake til 1998. Sidan har Turstinettet utvikla seg til slik det er idag.

- Siste haust vart det også merka sti til Ruten.

- Det er meiningslaust å kjøre til Søvasskjølen for å gå på Ruten for ein rindaling, understreker Baard Gåsvand muntert.

Turstigruppa har vore hovudansvarleg for heftet «Turstier og Vinterløyper i Rindal» som er trykt i to utgåver. Den har vore til motivasjon og stor glede for både rindalingar og høttrindalingar.

Fjelltrimmen

I 2020 går vi inn i den 19. sesongen med turkoppar, og den 18. koppen er alt under produksjon.

- I 2019 var det 194 personar i alle aldrar som registrerte seg med Fjelltrimmenkort, opplyser Eli Landsem Solvik.

Nytt i 2020 er at turane kan registrerast digitalt på turstigruppa.no, men det blir ikkje klart før i løpet av våren.

Ordføraren håper at alle grunneigarane no tek godt imot representantane frå Turstigruppa når dei kjem og ønsker underskrift på avtale om å bruke og merke stiane og informasjonstavlene.

IMGP2535_690x460.jpg

IMG_0752_690x755.jpg

IMG_0631_690x920.jpg

Foto: Rune Løfald og OleT (Ingress)