Turløyper a OSEN_1024x768

Sjøbruksmuseet søndag

Turløyper i Bøfjorden

Museumssommaren i Bøfjorden er i full gang. To temadagar er unnagjort. Søndag vil trim-entusiastar presentere eit nytt, storstilt turløypeprosjekt. Turmål finn ein langs fjord og fjell. Her trimtreff i Osen.

Turløyper h PLAKAT 230613_715x1025.jpg

Middag, fotballhistorie og feiande musikk av gruppa «Hjemmelaget» samla trappfullt hus på opningsdagen under Bøfjord-helga. Bortimot hundre både små og store møtte fram og kunne nyte god mat og god musikk. Munter nostalgi prega biletglimta og historiene om fotballen heilt frå «Makkolagets» dagar like etter krigen.

Med bakgrunn i 100-årsjubileet for allmenn stemmerett synte historielaget lokale kvinneprofilar førre søndag. Trauste og trufaste slitarar vart henta fram frå glømmeboka til heiderleg omtale for innsats på mange plan. Og mest heider til alle mødrene – som verkeleg «stod opp og strede» som Bjørnson skriv i nasjonalsongen.

 

Turløyper i flott terreng
Komande søndag vil Bodil Kvam Aasbø presentere det ambisiøse turløypeprosjektet som no blir realisert i Bøfjorden. Dette er ikkje nytt i seg sjøl – bøfjordingane har årleg trimma like langt som omkretsen på jordkula. Men no blir over 20 trimløyper skilta, og ein fin brosjyre vil vise både kart og «severdigheter» langs desse rutene.

Ein biletserie viser glimt frå desse rutene (under), og mykje kulturhistorie blir lagt til. Målet er å freiste mange til mosjon og opplevingar i den vakre og barske Bøfjord-naturen. Og den som ikkje sjøl har høve til turgåing, kan nyte ein garantert vakker fotoserie frå fjell og fjord.

Klikk på bileta under og sjå dei større og i serie:

 

 

Turløyper a OSEN_1024x768
Turmål finn ein langs fjord og fjell. Her trimtreff i Osen.
Turløyper b Bodil Kvam Aasbø_1024x1393
Bodil Kvam Aasbø har stått i spissen for turløypeprosjektet med merking og informasjonsbrosjyre til 25 naturskjønne turar i Bøfjord-området.
Turløyper c Håkkåsteinen_1024x768
Håkkåsteinen – ein markant profil.
Turløyper d Settemsvarden_1024x768
Settemsvarden har utsikt over fjorden og bygda.
Turløyper e Øvre Bøsetra  Kaffeplassen a_1024x768
Kaffe og idyll på Øvre Bøsetra.
Turløyper f Trodalen_1024x681
Trodalen – idyll med dramatisk historie på turen mellom Bøkleppen og Flessastranda.
Turløyper g Sjursfløgda Kirsten og Ida_1024x681
Kirsten Baadnæs Bøe (t.v.) og Ida Vetleseter Bøe ved minnesteinen på Sjursfløgda. Ulykka i 1813 blir også tema på museet 14. juli.