IMG_6568_715x477

Tur til Trodalen

Tirsdag 28. mai er det klart for ny fellestur i regi Bæverfjord i.l. Denne gongen går turen til Trodalen, og det er felles avgang frå Flessen hyttesenter kl. 17.30.  Som alle dei andre fellesturane til idrettslaget, er Trodalsturen gratis, open for alle interesserte, og skulle passe for både store og små. Sjå programmet for resten av sesongen og bilete frå siste tur til Baklisetra ved å gå inn i saka.

IMG_6568_715x477.jpg

Ein liten snøflekk som var igjen ved Baklisetra ga anledning til snøballkrig.... Alle Foto: Norunn Holten

 

Vidare utover sommaren byr idrettslaget på desse turane med kjentmann:

 

Turmål

Avgang

Tidspunkt

Flåttasetra

Myrholten (p-plassar oppi skogsvegen)

Onsdag 12. juni kl. 18.00

Vassdalsetra

Hallmyra

Torsdag 15. august kl. 18.00

Bæverfjordsetra

Saga

Måndag 26. august kl. 17.30

Dreyerstuløå

Åsskardhøgda

Tysdag 10. september kl. 17.30

 

Det er i tillegg planlagt ein bonustur til Hjelmen! Vi satsar på ein dagstur på helg, og siktar inn helga 10.-11. august. På denne turen er vi heilt avhengig av godvær, så nærare beskjed om dag og tidspunkt blir gitt når datoane nærmar seg og vi har sett værmeldingane.

 

13. mai gjekk den første fellesturen i år, og den gjekk til Baklisetra. 19 personar deltok, av desse mange barn. Samtidig som turen var startskotet på sommarsesongen 2013, var den også avslutning på året før. Etter trimturen vart det nemleg  premieutdeling for sommarsesongen 2012 med kaffe, saft, kake og frukt på Geilen. Bileta under er frå turen til Baklisetra.

IMG_6557_715x477.jpg

Glade vandrarar på tur til Baklisetra.

IMG_6562_715x477.jpg

Om ungane var slitne da dei kom fram? Trur dei hadde litt energi igjen, ja..........

IMG_6572_715x477.jpg

Eit sikkert vårteikn!

IMG_6575_715x477.jpg

Premieutdeling, kake og kaffe etter turen!